[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Kaupanger - Fjøra 1-2

Forfatter: Fjøra FK

30. august 2014

Fotball
News article image

Kaupanger gav som venta Fjøra hard motstand men tre poeng til Fjøra i ein kamp som kunne vippa begge vegar

Det er runden for dei omvendte 16.mai-oppgjera og for Fjøra betydde det bortekamp mot eit Kaupangerlag i poengnaud. Desse kampane lever sitt eige liv og då har tabellsituasjon lite å seia.

 

Første omgang var eit langt gjesp med få sjansar. Sindre Røyrvik hadde to gode skotforsøk for Kaupanger men siktet var ikkje heilt innstilt. For Fjøra var Steffen farleg frampå med ein heading medan Håvard hadde eit skot som Nygård relativt greitt slo til corner. Heilt greitt med uavgjort til pause i ein omgang der me følte Kaupanger ville litt meir enn oss.

 

Andre omgang var ein mykje betre forestilling av Fjøra og sjølv om også denne var jamn var det Fjøra som no vann dei fleste duellane. Ti minutt ut i omgangen hadde kaupingane ein enorm sjanse med Abu, men Espen Staff varta opp med ein feberredning. Berre nokre minutt seinare er Knut Ola våken og tek eit kjapt frispark mot ein like våken Anders Hjeltnes. Litt skrått på mål hamrar Hjeltnes ballen i nettaket og 1-0 til Fjøra. God periode no av Fjøra og Underdal har eit par sjansar han plar sette på ein god dag men ikkje i dag. I staden søv Fjøraforsvaret litt kvarteret før slutt då Sindre Røyrvik slår eit innlegg som Espen berre får slått ut i beina til Menes som nettar sikkert frå kort hald. Ingen tvil om at det her burde blitt avblåst for hands på ein Kaupangerspelar i forkant, og Fjøraspelarane vart nok litt overraska over at dommaren lot spelet gå. Men like fullt, me spelar til fløyta går!

 

Siste kvarteret var relativt jamt, men to minuttar før full tid steig Fjøras bestemann, Per Eirik Lunde, til værs og stanga corneren frå Lilletvedt i nettet. Like etter har Hauståker ein gigasjanse for Kaupanger men Per Eirik er nede og avvergar på streken og kampen endar 2-1 til Fjøra. Matchvinnar i begge endar i dag Per’n!

 

Me fekk ikkje spelet heilt til å gli i dag mot ei hardtarbeidande Kaupangerlag men utover i kampen tek me gradvis over og kjempar oss til tre poeng. Kaupanger har nokre store sjansar dei også og kunne fort fått med seg poeng.

Bonus:

3 – Per Eirik Lunde

2 – Espen Staff

1 – Sindre Sanden

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 29.08 kl 19:00

Arena: Skogen

Turnering: Seriekamp

Dommar: Magn Helge Brattelid

Kaupanger – Fjøra  1-2 (0-0)

0-1   57 min Anders Hjeltnes (Knut Ola Høvik)

1-1   74 min Eirik Menes (Sindre Røyrvik)

1-2   88 min Per Eirik Lunde (Håvard Lilletvedt)

Gult kort: Kees Erstad

Kaupanger (4-4-2):

Martin Nygård, Bjarte Breilid, Christoffer Larsen, Kristoffer Dalaker, Arild Rindal- Kristian Hauståker, Abdullahi Abu, Ole Andreas Aarvik, Eirik Menes- Ole Einar Rebni, Sindre Røyrvik

Fjøra (4-2-3-1):

Espen Staff- Sindre Sanden, Per Eirik Lunde, Ole Martin Bolseth, Knut Ripe- Knut Ola Høvik (Torbjørn Ylvisåker frå 59.), Kees Erstad (Magnus Hunemo frå 81.)- Anders Hjeltnes, Steffen Olsen (Karlis Bremers frå 68.), Håvard Lilletvedt (Jørgen Christian Lindstrøm frå 89.)- Arild Underdal