[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Trekning reisegavekort

Forfatter: Fjøra FK

21. juni 2014

Fotball
News article image

Nye to vinnarar av reisegavekort vart trekt søndag!

Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.

Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit reisegåvekort pålydande 4.000 kroner. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 2-4 vinnarar i slengen. Vinnarane vil få tilsendt gavekortet i løpet av dei nærmaste vekene.

Vinnarane for mars og april vart trekte no i helga, og dei heldige vinnarane vart Magdalon Sætre og sauabonde og skoseljar Jan Arild Jakobsen. Me gratulerer!

Januar       Nr  011      Per Kristian Ødegaard

Februar     Nr  287      Stein Harald Hjeltnes

Mars         Nr  021      Jan Arild Jakobsen  

April          Nr  360      Magdalon Sætre     

Mai           Nr  000  

Juni           Nr  000  

Juli            Nr  000  

August       Nr  000  

September Nr  000  

Oktober     Nr  000  

November  Nr  000  

Desember  Nr  000