[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Sandane 6-0

Forfatter: Fjøra FK

30. mai 2014

Fotball
News article image

Fjøra utklassa Sandane og tok sin fjerde strake siger

Fjøra tok sin fjerde strake seier då Sandane vart sendt heim med utklassingssifra 6-0. Og sigeren var ikkje eit mål for liten, då me faktisk ikkje noterte ein einaste målsjanse til Sandane i løpet av kampen. Fjøra produserte fleire sjansar i tillegg til måla men det vart til tider litt for fikst og slurvete framfor mål. Det seier det meste om kampbildet når ein er litt skuffa over at ein ikkje klarte å få endå fleire mål enn dei seks ballane Gimmestad i Sandanemålet måtte plukka ut av nettet.

Første ti minuttane åpna Fjøra litt forsiktig i varmen på Campus men etter kvart var det aldri tvil om kvar poenga skulle havna. Kees ordna 1-0 på ein heading etter eit presist frispark frå Knut Ola medan Hjeltnes la på til 2-0 etter eit langskot som kanskje Sandane sin keeper burde redda. Like før pause var ballen i handa på ein Sandaneforsvarar då Lilletvedt var på veg igjennom og straffen sette Hjeltnes sikkert i mål og 3-0 til Fjøra til pause.

Ti minutt ut i andre omgang kjem Håvard Lilletvedt seg fint fram på venstrekanten og slår inn 43,7 grader til Steffen Olsen som nettar sikkert i korthjørna. Men Håvard var ikkje fornøgd med kun å vera nest sist på Fjøramåla så resten av omgangen nekta han å sentra. Han hadde fleire sjansar til å få målet sitt men det ville seg ikkje og kanskje skulle han altså sett etter medspelarar inne i boksen i staden… :) Også Hjeltnes og Olsen hadde feite muligheiter til å auka Fjøraleiinga men avslutningane vart for svake.

Fjøra sitt femte vart sett inn av innbytar Olve Øvstetun i det 79.minutt etter flott førearbeid av Daniel og like før slutt sette Hjeltnes sitt andre straffespark og sitt tredje mål for dagen. Dagens gode domar Nymark bles deretter av og Fjøra kan sei seg fornøgd med ein finfin 6-0 seier.

Sjeldan har vel uttrykket «walk in the park» passa betre for i dag hadde Fjøra fullstendig kontroll på kampen frå start til slutt og laget har verkeleg funne formen etter ein litt ustabil start. Fire sigrar på rappen og målskilnad på 13-1 er solid uansett motstand. No ventar to tøffe bortekampar mot høvesvis Førde 2 og Skavøypoll og med god poengfangst der vil Fjøra for alvor ha meldt seg på i tetsjiktet

Bonus:

3 – Anders Hjeltnes

2 – Kees Erstad

1 – Håvard Lilletvedt

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 30.05 kl 19:00

Arena: Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Brede Nymark

Fjøra - Sandane 6-0 (3-0)

1-0   13 min Kees Erstad (Knut Ola Høvik)

2-0   25 min Anders Hjeltnes (Kees Erstad)

3-0   42 min Anders Hjeltnes str (Håvard Lilletvedt)

4-0   55 min Steffen Olsen (Håvard Lilletvedt)

5-0   79 min Olve Øvstetun (Daniel Fylling)

6-0   90 min Anders Hjeltnes str

Gult kort: Ingen

Fjøra (4-3-3):

Espen Staff- Sindre Sanden (Knut Ripe frå 64.), Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker, Mathias Nese (Olve Øvstetun frå 73.)- Knut Ola Høvik (K), Kees Erstad, Steffen Olsen (Victor Aguiar frå 77.)- Anders Hjeltnes, Arild Underdal (Daniel Fylling frå 64.), Håvard Lilletvedt