- Me er svært revansjesugne
Forfatter: Jan Fuglesteg
17. august 2012
I kveld er det klart for kamp mellom to topplag. Fjøra tek i mot Sandane på Sogndal stadion.
Me har fått trenar Kjell Ertesvåg sin kommentar før kveldens batalje:
" Då står Sandane for tur. Etter 0-3 tapet der oppe i vår, er me svært revansjesugne her.
Troppen vår er i ferd med å fyllast oppatt, og til denne kampen har me mange å ta av. Dette skjerpar naturleg nok spelarane og, dei veit at solid innsats og prestasjonar må ligge til grunn for å få spele.
Me har sålangt i haust hatt startvanskar i kampane, dette må me få orden på allereie til denne kampen. Å komme bakpå mot eit godt Sandanelag er noko me ikkje ynskjer.
Sandane er eit av beste laga i divisjonen, og dei har mange potensielle målskårarar med brødrene Wie i spissen.
Me stiller med to debutantar i troppen; Knut Ola Høvik(Surnadal) og Håvard Lilletvedt(Bergen Nord). Dette er to nye FFK-spelarar med gode referansar som seriøse og gode fotballspelarar. "