3 nye vinnarar av reisegavekort
Forfatter: Fjøra FK
08. september 2014
Even Hovland, Oddvar Sterri og Odd Foss har vunne kvar sitt reisegavekort
Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.
Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit reisegåvekort pålydande 4.000 kroner. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 2-4 vinnarar i slengen. Vinnarane vil få tilsendt gavekortet i løpet av kort tid.
Vinnarane for august, september og oktober vart trekte no i helga, og dei heldige vinnarane vart Even Hovland, Oddvar Sterri og Odd Foss, me gratulerer!
Januar Nr 011 Per Kristian Ødegaard
Februar Nr 287 Stein Harald Hjeltnes
Mars Nr 021 Jan Arild Jakobsen
April Nr 360 Magdalon Sætre
Mai Nr 104 Gisle Venes
Juni Nr 058 Atle Hatleberg
Juli Nr 132 Elin Alræk
August Nr 227 Even Hovland
September Nr 234 Oddvar Sterri
Oktober Nr 048 Odd Foss
November Nr 000
Desember Nr 000