Sportsleg apparat i boks
Forfatter: Jan Fuglesteg
13. januar 2013
Det sportslege apparaet i Fjøra for 2013 er klart. Hovudtrenar vert Jens-Ivar Nilsen, medan Torbjørn Ylvisåker og Arild Lunde Underdal er assistenttrenarar.
I tillegg fortset Jan Rune Årøy som sportsleg leiar. Per Barsnes er oppmann. Eit meget solid team.
Jens-Ivar kjenner klubben godt då han har vore spelar i mange år. Av trenarrøynsle har han trena Hafslo for nokre år sidan. Heller ikkje dei to andre treng vidare presentasjonar då både Torbjørn og Arild i ei rekke år har vore støttespelarar i klubben. Me er glade for at trenarkabalen no er i boks.
Det vert meldt frå Sogndal om at treningane har vore i gang sidan 3. januar. Spelarane er komne godt i gang og det er mykje folk på trening. Me skal koma attende med ein oversikt over troppen når den er klar.
Me er klar for ein spennande sesong. Godt nyttår forresten.