[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fimreite ny Fjøratrenar

Forfatter: Fjøra FK

23. desember 2013

Fotball
News article image

Leiv Inge Fimreite har takka ja til å ta over Fjøra

Då Jens Ivar Nilsen etter årets sesong gav beskjed om at han måtte prioritera husbygging komande år og ikkje fekk tid til eit nytt år som Fjøratrenar, måtte sportsleg leiar Jan Rune Årøy ut på trenarjakt igjen. Valget fall til slutt på ein gamal kjenning som trente Fjøra i sesongane 2001 og 2002, nemleg Leiv Inge Fimreite. Arild Underdal og Torbjørn Ylvisåker vil halde fram som hjelpetrenarar og klubben har dermed fått eit trenarteam som kjenner klubben godt frå før. I tillegg til å ha vore Fjøratrenar har Fimreite vore trenar for både Norane, Veitastrond (2006) og Jølster (2007-2010)

Leiv Inge er 55 år gamal, ivrig Leedstilhengar og har som trenar stort sett holdt seg til ein fast spelestil med 4-3-3 formasjon, så gjenstår det å sjå om dette vert tilfellet også i 2014-sesongen. Me takkar Jens Ivar for innsatsen i 2013 og ønskjer Leiv Inge velkommen og lykke til i året som kjem. Sportsleg apparat er no også i gang med å knytte til seg nokre nye spelarar, meir om dette kjem etterkvart som brikkene fell på plass.

Til slutt vil me i Fjøra ønskje alle samarbeidspartnarar ei riktig god jul og eit fortreffeleg godt nytt år. (Beklagar ellers litt sein oppdatering av denne saken her, men det skyldast at undertegna har vore på ein lengre ferietur)