[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch: IL Høyang - Fjøra FK

Forfatter: Jan Fuglesteg

25. mai 2012

Fotball
News article image

Underteikna er for tiden akkurat det motsette av Postmann Pat, nemleg seint ute. Men som dei seier i Forsvaret - all klaring er god klaring. Så då er denne prematchen i rute. Men er Fjøra i rute. Dei tek turen til Høyanger.

Etter ein fin-fin start på sesongen med full pott etter dei tre første kampane, har det gått langt tyngre i dei to siste kampane. Mot Sandane tapte Fjøra fortent på grunn av ein svak 1. omgang og at marginane ikkje var på raud side i 2. omgang. Mot Kaupanger greidde ikkje Fjøra å mobilisera nok til å dra i lannd tre poeng, og det enda mållaust. Fjøra ligg tross dette fortsatt på 2. plass, men det er heile 5 poeng opp til Sogndal II som har full pott sålangt.

Skal Fjøra vera med å prega toppen av tabellen må dei snu trenden dei har vore inne i dei siste kampane. Dette kjem ikkje av seg sjølv og spelarane må aktivt gjere noko med dette. Dette har me stor tillit i at spelarane skal greie alt no mot Høyang i kveldens kamp.

Me har fått følgjande kommentar frå trenar Kjell Ertesvåg framfor kveldens kamp:

" Sidan KIL-kampen har me gjennomført gode treningar, der spesielt speløktene har vore gode på kvalitet og intensitet. Klarar me å ta det med oss i kampen mot Høyang skal me kunne prestere bra. Me er revansjesugne etter 2 kampar der me ikkje har prestert godt nok. I løpet av ein sesong spelar ein kanskje 5-6 kampar der ting fungerar optimalt. Resten av kampane må ein verkeleg slite for å prestere godt, og plukke poeng. I desse kampane må "botnnivået" hevast, då er det hardt arbeid og lagmoral som er bud nr 1.

Får me på plass dette, så kan me få med oss mange gode opplevingar utover.
"

Uaktuelle spelarar til denne kampen er Arild Underdal (beinbrot), Roger Hjellhaug (muskelstrekk i ryggen),
Daniel Fylling (hjerneskaing og forslått skulder), Torbjørn Ylvisåker (rygg), Håvard Bøyum (jobb) og Jørn Skjeldestad (frå rygg og nedover). Ganske mange som er ute, men Fjøra har ein solid og brei tropp og stiller med eit godt mannskap mot Høyang. Kjekt å sjå at Johan E. Salveson er attende i troppen etter studieopphald i Mexico.

Troppen mot Høyang er noko usikker, men i skrivande stund ser den slik ut:

Bjarte Hovland, Jørn Kvalvik, Stian A. Solberg, Anders Hella, Magnus Hunemo, Ørjan Hjellhaug, Kenneth Nondal, Ola Egge Ødegaard, Espen Granlund, Ole Morten Kvam, Vegard Fardal Nes, Sebastian Eriksen, Tor Ove Anuglen og Johan Salveson

Høyang er eit lag Fjøra har spelt svært mange kampar mot opp gjennom åra. Alle tidlegare møter finn du her. Høyang har plassert seg på ein 9. plass på tabellen. Dei har vunne to kampar, mot høvesvis Førde II i serieopninga, samt mot Dale heime på Sletta. Resten av kampane er tapte, og spesielt må det ha vore å tape på Kreklingen mot "vetlebror" Balestrand. Høyang har akkurat motsett målskilnad som Fjøra. Høyang slit med å score mål og sålangt i sesongen har det berre vorte putta 5 mål, berre eitt av dei på eige gras. Fjorten baklengsmål har det vorte, men her skal me leggje til at heile 9 av dei kom mot Sogndal II inne i Sogndal. Sett vekk frå den kampen så har kampane vore jamne i resultatprotokollen.

Det er alltid vanskeleg, men også utfordrande, å koma til Høyanger for å møta Høyang. Ein plass der fotballinteressa er stor og der det er tett mellom dei som sjølv meinar dei kan fotball betre enn dei fleste. Slike plassar heng kommentarane laust og det er berre kjekt det. Fjøra gler seg til kamp og får høve til å retta omm noko av innsatsen mot Kaupanger for ei drug veke sidan.

Me kjem ikkje til å overføra kampen live her på fjora.no denne gongen heller, så her lyt me henvisa til firda-liven.


TIPPETIPS SERIERUNDE 6

Skavøypoll IL - Dale IL Tips: H
Førde II - Balestrand IL Tips: U
Kaupanger IL - Jølster IL Tips: U
Sandane T&IL - Veitastrond IL Tips: H
Sogndal II - Lærdal IL Tips: H

Som de skjønar har eg ikkje hatt tid til å utbrodera noko for dei ulike kampane.