Fjøra - Tambarskjelvar 1-5
Forfatter: Fjøra FK
01. mai 2014
Pinleg forestilling av Fjøra endte med braktap på heimebane
Etter å ha tapt klart mot Florø 2 i ein kamp der me følte me rett og slett møtte eit betre lag, hadde me venta eit Fjøralag som skulle gå ut med stor revansjelyst mot Tambarskjelvar onsdag. Så feil kan ein ta. Første kvarteret var jamnspelt, men etter at Savland gav Tambarskjelvar leiinga gjekk rullegardina ned for Fjøraspelarane og resten av kampen var ei pinlig forestilling for alle dei med hjerte sitt i Fjøra.
Naivt forsvarsspel der me har null kontroll på bakrommet vårt, flust i ballmiss, puslete og passivt duellspel og eit engasjement som ikkje høyre heime nokon stad. Rett og slett flautt var det.
Me reknar med kvar og ein går i seg sjølv og løftar seg fleire hakk inn mot neste kamp, elles vil det ikkje bli mykje poeng i sekken framover. Det som har skjedd har skjedd og er berre å setta ein stor svart strek over. Så får me håpa dette tapet svei akkurat så mykje at innstillingen og viljen til å vinna er på eit heilt anna nivå enn det me såg mot Tambarskjelvar
Steffen Olsen scora forøvrig Fjøra sitt mål like før pause då han reduserte til 1-2, men heller ikkje dette gav Fjøraspelarane noko som helst blod på tann og i andre omgang kontrollerte Tambarskjelvar inn ein fullt fortjent 5-1 seier og passerte Fjøra på tabellen.
Me takkar Tambarskjelvar for kampen, og dette var faktisk det første møte mellom klubbane nokon gang. Elles kan historikar og vandrande leksikon Frode Navarsete fortelja at det den 28.april var nøyaktig 30 år sidan Fjøra spelte sin første kamp i den øverste divisjonen på kretsnivå. Kampen enda med 1-0 seier mot Eid på Fosshaugane.
Bonus (Som de skjønnar vart det vanskeleg å finna nokon ute på bana som fortjente dette):
3 – Per Barsnes (Flink ballgut, null i manko)
2 – Hilde Nilsen (Kaka vart utsolgt)
1 – Tor H Mardal (Fyldig og objektivt livereferat)
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Onsdag 30.04 kl 19:00
Arena: Campus Fosshaugane
Turnering: Seriekamp
Dommar: Bjørn Egil Sunde
Fjøra - Tambarskjelvar 1-5 (1-2)
0-1 13 min Vegard Savland
0-2 17 min Vegard Savland
1-2 42 min Steffen Olsen
1-3 62 min Einar Bye
1-4 87 min Einar Bye
1-5 90 min Ghiorghita Marius Ion
Gult kort: Mathias N Nese
Fjøra (4-3-3):
Espen Staff- Mathias Nese, Knut Ripe, Ole Morten Kvam, Sindre Sanden- Håvard Lilletvedt (Arild Underdal fra 68.), Knut Ola Høvik, Olve Øvstetun- Anders Hjeltnes, Steffen Olsen (Daniel Fylling fra 77.), Ole Martin Bolset (Kenneth Nondal fra 46.)