Fjøra-Balestrand 6-1
Forfatter: Fjøra FK
21. juni 2013
Eit Fjøralag på lavgir vann til slutt komfortabelt 6-1 over Balestrand.
Det vart til slutt ein grei 6-1 seier mot Balestrand, men det var bortelaget som åpna kampen klart best og dei tok også leiinga etter 31 minutt ved James Nundu. Torbjørn Ylvisåker vann ein hovudduell på 16 meterstreken, men ballen landa på 18-20 meter i beina til Nundu som dengte til. Ballen gjekk via Ylvisåker i blokka og bak ein utspelt Håvard Bøyum i Fjøramålet. Sjølv om Fjøra hadde hatt dei største sjansane (ikkje mange riktignok), var det lite å sei på at Balestrand fekk det første målet. Dei flytta både ball og bein raskare enn fjørene første halvtimen, og det høge presset til Fjøra sat ikkje i det heile tatt. Midtbana til Fjøra vart springande etter og kom seg aldri oppi balestrendingane, og offansivt var spelet prega av mykje dårlege valg og upresise avleveringar og ballmottak.
Siste kvarteret klarte Fjøra og heve seg nok til at ein kunne gå til pause med ei 2-1 leiing. Først var det Per Eirik Lunde som stussa eit flott innlegg fra Olve Øvstetun vidare i mål og 1-1. Like før pause vinn så Wilkensen ein duell før han nydeleg sender Fylling gjennom åleine med keeper. Praktfull gjennombruddspasning som Fylling utnyttar godt og plasserer ballen kontrollert til side for keeper.
2-1 til pause men likevel lite som stemte for Fjøra i denne omgangen. Fokus i pausen var at kvar enkelt måtte heva nivået sitt eit par hakk, rett og slett vera litt meir «på».
Allereie etter to minutt i andre omgang putta Olve Øvstetun sitt første for sesongen, etter flott forarbeid av Daniel Fylling. Framleis litt rusk i Fjøraspelet men bakover slapp ein aldri Balestrand til, og bortelaget hadde vel ingen målsjansar i dei siste 45 minuttane. Etter 69 minutt fann Kristian Nornes Knut Ola Høvik i bakrommet, og Høvik sette ballen fint i lengste hjørnet for keeper og 4-1. Ti minutt seinare hadde Jørn Kvalvik teke turen i angrep og etter fint samspel med Fylling var askøyværingen plutseleg åleine med keeper. Såpass god tid hadde Jørn at dei fleste medspelarane stod og lurte på kva som skjer no. Snublar han eller bommar han på ballen når han skal skyte? Men neida, Jørn var sikker som banken og hamra ballen i mål til 5-1 og sitt andre mål i Fjøradrakta.
Balestrand sine slusar var no vidåpne og her var det mulegheiter for mykje meir. Men det mangla litt på siste tredjedelen for Fjøra, ein var ikkje kliniske og direkte nok til å utnytte det spelemessige overtaket i siste halvdel av andre omgang. Eit mål til skulle det likevel bli då Kristian Nornes på ny fann ein fjøraspelar i bakrommet. Daniel Fylling runda keeper og sette ballen i det tomme målet og fastsette dermed sluttresultatet til 6-1.
Fjøra heva seg betrakteleg i andre omgang og vinn fortjent 6-1. Me skulle gjerne putta eit par mål til i andre omgang men det er positivt at me klarer og heva oss etter ein meget svak start på kampen. No ventar Førde 2 borte på onsdag i siste kamp før ferien, og her må me opp fleire hakk for å dra heim fra Sunnfjord med poeng. Viktig var det også med seier dagen før Fjøragjengen samlast til grilling for å markere slutten på vårsesongen, praten er alltid litt lystigare med tre poeng i lomma!
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 21.06.13 kl 18.00
Arena: Fosshaugane Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Jarle Andersen (Frode Ølmheim, Inge Seglem)
Tilskodarar: ca 30
Fjøra – Balestrand 6-1 (2-1)
0-1 31 min James Nundu
1-1 37 min Per Eirik Lunde (Olve Øvstetun)
2-1 41 min Daniel Fylling (Øystein Wilkensen)
3-1 47 min Olve Øvstetun (Daniel Fylling)
4-1 69 min Knut Ola Høvik (Kristian Nornes)
5-1 79 min Jørn Kvalvik (Daniel Fylling)
6-1 85 min Daniel Fylling (Kristian Nornes)
Gult kort: Ørjan Hjellhaug (Fjøra), Roy Kenneth Rendedal (Balestrand)
Fjøra (4-3-3):
Håvard Bøyum- Jørn Kvalvik, Per Eirik Lunde (Vegard Fardal Nes fra 72.), Torbjørn Ylvisåker, Kristian Nornes – Magnus Hunemo (Kenneth Nondal fra 66.), Øystein Wilkensen, Olve Øvstetun– Ørjan Hjellhaug (Ole Morten Kvam fra 66.), Daniel Fylling, Knut Ola Høvik
Balestrand (4-4-2):
Ole Tjugum, Bjørge Eikelund, Roy Kenneth Rendedal, Adrian Wolff Nesse, Ibro Mesic, Sondre Skrede, Georg Nesse, Gunnar Nilsson, James Nundu, Birk Isane, Per Aki Kvikne