[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fotball og curling i Bergen

Forfatter: Fjøra FK

21. mars 2013

Fotball
News article image

Fredag presis kl 14.15 set nitten Fjøraspelarar og ein trenar seg i bilen og køyrer til Bergen for å spela to kampar, samt pleia det sosiale gjennom ei økt med curling. Fjøra skal fredag kl 20.00 spela mot Smørås på Slåtthaug kunstgras, medan dei laurdag kl 12.00 møter Follese og Kvalvik junior på Skogen Idrettsplass på Askøy.

Både Smørås og Follese spelte i fjor i 4. divisjon avd 1, der dei kom på høvesvis sjetteplass og femteplass, begge med 34 poeng. Vadmyra vann avdelinga med 62 poeng, føre Odda med 58 poeng. Det kan også nemnast at Trio, med tre tidlegare Fjøraspelarar på laget (Ronny Hamre, Rolf Hansen og Jim Are Hansen), tok tredjeplassen.

Fjøra har, så vidt me veit, ikkje møtt Smørås tidlegare, medan dei har møtt Follese to ganger før. 31.mars i fjor tapte Fjøra 4-3 (Roger Hjellhaug, Sebastian Eriksen, Espen Granlund) i ein treningskamp på Askøy, mens det 16.mars 2002 vart 4-2 siger (Arild Underdal 2, Frode Kvåle, Endre Navarsete) til Fjøra i Sognahallen.

Etter tapet mot Årdal i cupen vert det meldt om ei meget god treningsveke, der ein har klart å heva både intensitet og trøkk på trening. Samstundes har det vorte fokusert meir på det defensive og balansen i laget når ein angrip. Me ser derfor fram til to kampar i helga, der me forhåpentlegvis vil få sjå eit tryggare Fjøralag defensivt, utan at det går for mykje på bekostning av det offensive.

Laget som startar mot Smørås fredag kl 20 er:

Håvard B - Stian, Per E, Torbjørn, Roger – Olve, Øystein, Ola, Eilert – Daniel – Ørjan

..mens lagoppstilling mot Follese laurdag kl 12 vert:

Håvard B – Jørn, Vegard, Ole Marius, Kristian – Mats, Olve, Ola, Kenneth – Håvard L – Arild

Etter kampen laurdag ber det rett vidare til Iskanten/Vestkanten og ei totimars restitusjonsøkt med curling, med påfølgande pizza og sosialt samvære.

Fjøragutta vil vera innlosjert på SAS-hotell Bryggen, og for spesielt interesserte er romfordelinga som følgjer:

  • Torbjørn Ylvisåker, Jens Ivar Nilsen, Arild Underdal
  • Olve Øvstetun, Kristian Nornes, Håvard Bøyum
  • Kenneth Nondal, Ola Ødegaard, Jørn Kvalvik
  • Håvard Lilletvedt, Mats Nondal
  • Roger Hjellhaug, Ørjan Hjellhaug, Per Eirik Lunde
  • Daniel Fylling, Ole Marius Solberg, Stian Solberg
  • Vegard Nes, Øystein Wilkensen, Eilert Holme

Bjarte Hovland (jobb) og Knut Ola Håvik (skade) er indisponible til helga, ellers stiller Fjøra fulltallig. Me vil prøva å komma med eit referat etter kampane, og skal attpåtil sjå om me får knipsa nokre bilder fra curlingøkta..:)