[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Vik - Fjøra 0-0

Forfatter: Fjøra FK

18. oktober 2015

Fotball
News article image

Mållaust i Vik og Fjøra klarte dermed ikkje ta rekorden fra 1983/84 med 11 sigrar på rad

Forsvarsmuren til Vik var i dag like solid som murane rundt Vik fengsel, og sjølv med drøssevis med cornerar og innlegg klarte ikkje Fjøra å få målet dei trengte for å gå gjennom heile haustsesongen utan å avgi poeng. I første omgang sleit vi med å skapa store sjansar i åpent spel men hadde fleire farlege hjørnespark der blant anna både Ole Morten og Kees var nære ved å gi Fjøra leiinga. Vik hadde også eit par farlege dødballar men Fjøraforsvaret pakka godt inn Saglien og hadde stort sett grei kontroll.

Utover i andre omgang steig temperaturen både på bana og benken og me fekk eit par stygge etterslengar mot oss ettersom Vikspelarane vart meir og meir slitne. Me nærma oss stadig scoring og spesielt Steffen Olsen var farleg frampå ved eit par høve. Først eit godt innlegg som Flo sette like over, så gjorde han det meste sjølv før han klinka ballen i stolpen. Vik prøvde seg på nokre kontringar men skapte lite før dei fekk straffe kvarteret før slutt. Den blåste Svein Erik Saglien på elva og framleis 0-0. Like etter vart muligens Fjøra snytt for straffe etter ein duell inne i feltet men me sat litt for langt unna til å konkludera med det eine eller andre. Me heldt fram med å pressa Vik bakpå og hadde rundt 20 cornerar, mot Vik sin eine. Men det ville seg ikkje for Fjøra i dag og Vikforsvaret heldt unna og sikra seg det eine poenget dei var ute etter.

Me hadde eit klart mål om å tangera den lengste sigersrekka til Fjøra i dag og det var derfor ein litt skuffa gjeng som sat i garderoben og som ikkje fekk hol på Vikballongen. Men me må likevel seia oss godt fornøgd med hausten der me har vunne ti og spelt ein uavgjort og er kretsmester med 15 poengs margin ned til nummer to. Mathias er suveren toppscorar med 29 mål (20 for Fjøra på 11 kampar og 9 for SIL 3 på 6 kampar)  og han har berre vorte betre og betre utover hausten.

Vik enda på den utsatte tiandeplassen og må no stola på at Florø 2 held plassen i tredjedivisjon for at dei sjølv skal bli verande i fjerde. Kaupanger heldt akkurat unna og unngjekk nedrykk med seier mot SIL3 medan Tambarskjelvar og Florø 3 rykker ned til femtedivisjon.

Me takkar for i år, både dommarar, motstandarar, publikum og sponsorar og ser no framover mot neste år og spel i tredjedivisjon. Til slutt vil me gratulera Sogndal som velfortjent sikra opprykket ved å utklassa Hønefoss i dag.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Søndag 18.10 kl 15:00

Arena: Vik kunstgras

Turnering: Seriekamp

Dommar: Frank Heggestad

Vik – Fjøra  0-0

Gult kort:  Kees Erstad, Jens Ivar Nilsen

Fjøra (4-2-3-1):

Håvar Mjelleli

--------------------

Elias Saltnes

Per Eirik Lunde

Knut Øystein Ripe

Eirik Kristoffersen

--------------------

Kees Erstad (Jens Ivar Nilsen frå 46.)

Ole Morten Kvam

--------------------

Erik Loftesnes

Steffen Olsen

Mats Nondal

--------------------

Mathias Flo