[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Førde 2 4-0

Forfatter: Fjøra FK

04. oktober 2013

Fotball
News article image

Fjøra reiste seg etter nokre svake kampar og avslutta sesongen med stil.

Etter tre svake kampar og null poeng må me innrømma at me var litt spente før dagens avsluttande kamp mot Førde 2 i Sognahallen. Oppvarmingen var så som så, og det vart gitt klar beskjed om at nivået måtte opp eit hakk eller to inn mot kampstart. Heldigvis har ikkje oppvarmingen mykje å sei, det er når dommaren bles i fløyta det er viktig å vera klar. Og det var Fjøraspelarane verkeleg i dag. Me var gode med ball og varierte fint mellom å vera tolmodige og å spela hurtig i lengderetning. Utan ball var me tøffe og aggressive i duellane, og Førde 2 kom ikkje til mange sjansane.

Kampens første mål kom etter tretten minutt då Olve på nydeleg vis slår ein langpasning mellom stopparane til Førde. Der har Knut gått på eit langt løp og han set kontrollert ballen i mål. 2-0 kom etter 35 minutt då Ørjan jobbar godt på topp før han slår inn til Kenneth Nondal. Nondal har sprunge seg fri på bakerste og har ei lett oppgåve med å setta ballen i mål. Resultatet holdt seg til pause og Fjøra kunne sei seg godt nøgde med omgangen.

Det var ein omgang med mange tøffe duellar og fleire spelarar låg nede etter nokre harde tak. Førde 2 slo ein del langt opp på Vie men både stopparparet til Fjøra og Knut Ola var tøffe nok i duellane til at det sjeldan vart noko farlegheiter utav det. Dog vart det ein del smellar, men det er slikt ein må rekna med. Gode førsteomgangar har Fjøra hatt fleire av i det siste, spørsmålet var no om ein klarte å oppretthalde dette nivået i andre eller om ein nok ein gang skulle dette nedpå og sleppe motstanderen inn i kampen.

Nei, no hadde Fjøra tydelegvis bestemt seg at i dag skulle dei stå distansen ut og sjølv om Førde 2 hadde ein god periode i starten av andre var det aldri tvil om at dette var Fjøra sin kamp. 3-0 kom på straffe etter 64 minutt då Knut Ola vart hekta inne i boksen. Litt billeg meinte fleire Førdespelarar, men iallfall klarare enn den Førde skulle få seinare i kampen. Keeper var etter ballen men Hjeltnes fekk målet sitt og enda dermed på like mange mål som Nondal i årets sesong.

Etter 77 minutt er det Førde 2 som får straffe, men den set Kvalvågnes utanfor målet til Hovland og dermed framleis smoltring til Hovland og resten av Fjøralaget. Straffen kom etter ein litt hard duell mellom Hovland, Vie og Solberg. Ballen slår borti Førdespissen i handa før han fell over ende, så spørsmålet er om det var fordi han fekk ein liten dytt eller ikkje. Uansett straffe vart det og bom vart det og så ingenting å klaga på då!

Fem minutt før slutt er det innbytar Eilert Holme som stolt viser fram eit av sine triks. Han ser fleire Fjørspelarar inne i boksen og vel og slå eit innlegg via krysset og tilbake rundt straffemerket. Dette set jo sjølvsagt heile Førdeforsvaret ut av spel då dei ikkje veit kva Eilert er god for. Det visste derimot Håvard Lilletvedt som står parat og lett headar inn returen og dermed fastset sluttresultatet til 4-0.

Meget god kamp av Fjøra i dag, kanskje ein av dei beste i heile sesongen og dermed fekk me ein god avslutning etter nokre dårlege opplevelsar i det siste. Som ein klok vossing sa i forkant av kampen, det du gjer i siste seriekamp tek du med deg inn i starten på oppkøyringa neste sesong så det er berre å gleda seg. Kjekt er det iallfall med tre solide poeng, og då kan ein ta fotballferie med godt humør. I dag er det umuleg å framheva enkeltspelarar. Alle jobba som eit lag og det viser att på resultattavla, rett og slett ein god prestasjon!

Til slutt vil me gratulera Bjørn Totland og Eid med eit fortjent opprykk til tredjedivisjon og ønske dei lykke til i det gode selskap neste sesong. Dei har fleire gode unge spelarar som heilt sikkert vil utvikla seg endå meir gjennom vinteren og ikkje minst ved å spela på eit betre nivå i 2014.

Det vart eit langt referat dette, men det er kjekkare med seier enn med tap....:)

Kamptidspunkt: Fredag 04.10.13 kl 19.00

Arena: Sognahallen

Turnering: Seriekamp

Dommar: Vegard Yndestad

Tilskodarar: 50

Fjøra – Førde 2  4-0 (2-0)

1-0      13 min Knut Ola Høvik (Olve Øvstetun)

2-0      35 min Kenneth Nondal (Ørjan Hjellhaug)                            

3-0      64 min Anders Hjeltnes str (Knut Ola Høvik)

4-0      85 min Håvard Thunes Lilletvedt (Eilert Brox Holme)

Gult kort: Ingen på Fjøra

Fjøra (4-2-3-1):

Bjarte Hovland- Håvard Lilletvedt, Per Eirik Lunde (Eilert Brox Holme frå 77.), Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug- Olve Øvstetun, Knut Ola Høvik- Anders Hjeltnes (Arild Underdal frå 77.), Daniel Fylling, Kenneth Nondal- Ørjan Hjellhaug

Førde 2 (4-4-2):

Fredrik Hanssen- Nikolai Hilding, Eirik Kvamme, Ole Martin Bolseth, Robert Skarstein- Kristoffer Angedal, Sven Ove Hjøringbø, Sondre Holsen, Sondre Sandvoll. Daniel Kvalvågnes, Odd Anders Vie