[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra fekk juling

Forfatter: Jan Fuglesteg

25. september 2012

Fotball
News article image

Fjøra rauk på ein skikkeleg smell i kampen mot Sogndal II i gårkveld.

  

Sogndal sine nest beste gav seg ikkje før det stod heile 8-0, og det kunne etter rapportane vore fleire baklengs. Fjøra på si side kom ikkje til ein einaste kvalifisert målsjanse. Åtte måls skilnad mellom nummer 1 og 2 på tabellen er ikkje bra, men slik vert det når det eine laget i denne kampen var så mykje betre enn det andre.

Kjell Ertesvåg er sjølvsagt ikkje nøgd med kampen, og har gitt oss følgjande kommentar:

" Beklagar alle Fjøra-tilhengarar.

I kveld var me rett og slett pinleg svake. Me holdt i 20 minutt, så byrja måla å trille inn. Store avstandar, for seine i bevegelsen, tamme i duellspelet, og enkle balltap på eigen halvdel held ikkje når me møter eit så godt lag som i kveld. SIL2 mønstra eit godt lag, som og presterte godt. Når me vert såpass svake som i ikveld, vart me eit lett bytte for internasjonale SIL2.

Lukkelegvis er det få dagar til neste kamp, fredag møter me Dale i Sognahallen kl 19.00. Då kan eg love eit heilt anna Fjøramannskap. me går for 2.plassen på tabellen, og då treng me kun "vinnarskallar" på bana.

SIL2 høyrer ikkje heime i 4. divisjon. Ikveld holdt dei 1. divstandard....., men uansett, grattis med opprykket og lukke til i 3. divisjon neste år. "

 

KAMPFAKTA

Sogndal II - Fjøra FK  8-0 (3-0)

Mål
1-0, Tonny Brochmann, 19 min
2-0, Stian Dyngeland, 29 min
3-0, Ruben Holsæter, 30 min
4-0, Stian Dyngeland, 51 min
5-0, Marius Salamonsen, 58 min
6-0, Marius Salamonsen, 64 min
7-0, Stefan Aase, 67 min (str.)
8-0, Stefan Aase, 80 min (str.)

Gule kort
Håvard Kristiansen Bøyum, Fjøra

Domartrio
Dan Kåre Esp, Eikefjord IL. Assistentar: Vegard Yndestad, Florø SK og Olav Fure, Volda TI - Fotball

Tilskodarar
Ukjent

Sogndal II (4-4-2): Matias Dyngeland - Anders Hella (Sindre Rydvang frå 81. min), Sigurd Singelstad, Ahyee Aye Elvis, John Jonasdal - Tonny Brochmann (Vegard Dyrstad frå 73. min), Peter Aase, Stefan Aase, Ruben Holsæter (Runar Heggestad frå 90. min) - Marius Salamonsen og Stian Dyngeland (Asgrim Farnes frå 70. min)

Fjøra (4-4-2): Håvard Kristiansen Bøyum - Ola Egge Ødegaard, Torbjørn Ylvisåker, Ole Morten Kvam, Jørn Kvalvik - Per Eirik Lunde (Stian Anhanger Solberg frå 66. min), Kenneth Nondal (Eivind Lunde Gjerald frå 48. min), Knut Ola Høvik, Mats Nondal (Håvard Lilletvedt frå 53. min) - Arild Lunde Underdal og Anders Lunde Hjeltnes