[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Laga i årets 4. divisjon

Forfatter: Jan Fuglesteg

19. januar 2013

Fotball
News article image

Årets 4. divisjon i Sogn og Fjordane ser på papiret ut til å bli ei spennande avdeling, spesielt med tanke på kva lag som kjem til å vinne.

For med nedrykka til både Eid IL og Saga FK vil det truleg vera fleire som tevlar om bøtta i høve det som var tilfelle i 2012. Og det likar me. Ingenting er betre enn ein jamn avdeling.

Både Sogndal III og Florø SK II er nye lag i 4. divisjon og begge desse kan gjera det bra. I Sogndal er det for tida stor rekruttering og gjer sitt til at det er mange spelarar tilgjengelege. Det same er truleg tilfelle i kystbyen, utan at eg kan slå dette fast. Iallefall, begge desse klubbane har dei siste åra vore førande i talentutviklinga i fylket. Laga kjem til å bestå av unge spelarar, men her er det snakk om spelarar som trenar mykje. Det vert spennande å sjå utviklinga til desse to laga.

Fordelinga av lag er at 5 lag kjem frå Sogn, 4 lag frå Sunnfjord, medan 3 kjem frå nordfylket. Dette inneber at det vert ei rekkje lokalderby i alle tre distrikta som vil både vere motiverande for spelarane og som også har potensiale til å dra folk til kampane.

Me vil seinare koma attende med ein kort presentasjon av laga i vår 4. divisjonsavdeling.

Årets 4. divisjon avdeling Sogn og Fjordane består av følgjande 12 lag:

Balestrand IL
Eid IL
Fjøra FK
Florø II
Førde II
IL Høyang
Jølster IL
Kaupanger IL
Saga FK
Sandane T&IL
Skavøypoll IL
Sogndal III