Tambar - Fjøra 4-3
Forfatter: Fjøra FK
16. august 2014
Stygt tap for andre gang i år mot Tambarskjelvar
Etter 5-1 tapet heime mot Tambar i vår hadde me venta eit revansjesugent Fjøralag i dagens kamp i Naustdal. Fjøra gjekk aggressivt ut og alt etter ti minutt plasserte Underdal ballen i lengste hjørnet til 1-0 leiing. Men minuttet etter scora Tambar etter rot i Fjøralaget og like etter stod det 2-1 då Vefring utnytta at vår keeper stod litt langt ute.
Desse to måla gjorde at Fjøra datt litt i saman og det var veldig fantasilaust det Fjøra dreiv med etter dette. Fjøra hadde ein enorm dobbelsjanse til 2-2 då Sindre skaut i stolpen og Karlis sette returen rett på keeper. Karlis kom forøvrig inn for Arild alt etter 20 minutt då sistnevnte måtte forlata bana med eit såkalla heksaskot.
Etter 63 minutt auka Tambar leiinga på dårleg markering i boks før Hjeltnes reduserte like etter. Fjøra jaga utlikning men i staden er Ole Morten uheldig og handsar på streken. Dermed raudt kort, straffe og 4-2 til Tambar. Fjøra kava fortsatt på og klarte ny redusering i det 89. minutt ved Hjeltnes. Men meir vart det ikkje og dermed eit svakt resultat for Fjøra mot eit ordinært Tambarskjelvarlag.
Ni mål i mot (av totalt 18) mot Tambarskjelvar er rett og slett håplaust svakt. Me forsvarer oss ikkje som eit lag, me er altfor lette å passera og me er ukonsentrerte og gjer personlege feil som fører til baklengs. Ein må berre ta lærdom av feila som vert gjort og komma sterkare att til neste kamp mot SIL 3.
Bonus:
3 – Anders Hjeltnes
2 – Daniel Fylling
1 – Ole Martin Bolseth
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 16.08 kl 19:00
Arena: Naustdal Stadion
Turnering: Seriekamp
Dommar: Vebjørn Haugland
Tambarskjelvar – Fjøra 4-3 (2-1)
0-1 10 min Arild Underdal (Kees Erstad)
1-1 11 min Ghiorghita Marius Ion
2-1 15 min Gunnstein Vefring
3-1 63 min Marius Hallem
3-2 69 min Anders Hjeltnes (Daniel Fylling)
4-2 76 min Ghiorghita Marius Ion (str)
4-3 89 min Anders Hjeltnes (Daniel Fylling)
Gult kort: Knut Ola Høvik
Raudt kort: Ole Morten Kvam
Fjøra (4-2-3-1):
Espen Staff- Mathias Bladimir N Nese (Mats Nondal fra 77.), Ole Morten Kvam, Ole Martin Bolseth, Knut Ripe (Håvard Lilletvedt fra 67.)- Knut Ola Høvik, Kees Erstad (Daniel Fylling fra 60.)- Anders Hjeltnes, Olve Øvstetun, Sindre Sanden- Arild Underdal (Karlis Bremers fra 20.)