[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Høyang - Fjøra 2-7

Forfatter: Fjøra FK

07. februar 2014

Fotball
News article image

Leiv Inge Fimreite fekk ein god start på comebacket sitt i Fjøra då laget hans i kveld tukta Høyanger med utklassingssiffer

Fjøra stillte med fem debutantar fra start og kun ein utrent Ole Morten Kvam som reserve i kveldens første treningskamp men kven treng vel fleire reservar når ein gammal ringrev herjar framfor målet til motstandaren.

Det begynte famlande frå begge lag der det var ein del tut og køyr og lite spel og sjansar. Me prøvde og stresse Høyang med høgt press men mangla struktur i presset og klarte ikkje å jobba nok samla. Samstundes var me ikkje tøffe nok, vart springande litt ein og ein og hamna ofte på etterskot. Med ball var me for upresise og når me skulle slå den lange var det ofte utan at me prøvde og treffa medspelar.

Etter ca kvarteret gjekk Høyang opp i leiinga etter litt sløvt forsvarsspel frå unge lovande Ylvisåker (ikkje utypisk Ylvis på denne tiden av året..) Ballen spratt etter kvart til Thomas Frichsen som enkelt runda keeper og 1-0 til heimelaget. Etter kvart heva Fjøra seg og produserte ein del gode sjansar etter fine kombinasjonar. Både Hjeltnes og Aguiar på kvar sin kant kom seg ofte fri og fekk slått ein del gode innlegg og inn mot pause var Fjøra det klart beste laget. Dette resulterte også i tre mål, to av Underdal og eitt av debutant Victor Aguiar og dermed 3-1 leiing til Fjøra etter halvspelt.

Like etter pause noterte Hjeltnes seg for sin tredje assist for dagen då Håvard Lilletvedt klinte eit flott innlegg i nettaket bak keeper og ti minutt seinare var det Hjeltnes sjølv som sette inn 5-1. Nest sist var Ole Morten Kvam med sitt første spark på ballen etter han kom inn som innbytar

To mål til av Underdal og ei redusering av Joakim Måren fastsette sluttresultatet til 7-2 til Fjøra. Litt opp og ned var det prestasjonsmessig og resultatet ser nok litt betre ut enn sjølve prestasjonen. Men Fjøra var gode siste timen av oppgjeret og me likte spesielt godt dei mange flotte angrepa som kom frå dei to kantane med Aguiar og Hjeltnes i spissen. På topp var Underdal som ein kalv som var sleppt ut på beite for første gang og var ein konstant trussel for heimelaget sitt forsvar. God til å møte og spele fri medspelarar og noterte seg for fire flotte scoringar. Me lot oss også imponere veldig av dagens venstreback Mathias Bladimir Navarro Nese som me nyleg har henta frå nettopp Høyang. Kvikk til beins og plasseringssterk var han saman med Arild Underdal kampens beste, og det til trass for at han måtte spela ved sidan av Torbjørn Ylvisåker og etter kvart Ole Morten Kvam :)

Dagens fantasy bonus poeng vert som følger:

3-Arild Underdal

2-Mathias B Navarro Nese

1-Anders Hjeltnes

 

Kamptidspunkt: Fredag 07.02 kl 18.30

Arena: Sletta kunstgras

Turnering: Treningskamp

Dommar: Helge Bergseth

Høyang - Fjøra 2-7 (1-3)

1-0   ca 15 min Thomas Frichsen

1-1   ca 20 min Arild Underdal (Anders Hjeltnes)

1-2   ca 25 min Victor Aguiar (Anders Hjeltnes)

1-3   ca 35 min Arild Underdal (Victor Aguiar)

1-4   ca 50 min Håvard Lilletvedt (Anders Hjeltnes)

1-5   ca 63 min Anders Hjeltnes (Ole Morten Kvam)

1-6   ca 80 min Arild Underdal (Mathias B Navarro Nese)

2-6   ca 85 min Joakim Måren

2-7   ca 87 min Arild Underdal (Victor Aguiar)

Gult kort: Ingen

Fjøra (4-3-3):

Espen Staff- Kees Erstad, Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker (Ole Morten Kvam frå ca 60.), Mathias Bladimir Navarro Nese – Knut Ripe, Knut Ola Høvik, Håvard Lilletvedt – Anders Hjeltnes, Arild Underdal, Victor Diogo Dos Santos Aguiar