Fjøra - Høyang 7-0
Forfatter: Fjøra FK
24. mai 2013
Fjøra køyrde over Høyang og stoppa ikkje før det låg sju ballar i nettet bak Vefring i Høyang-målet.
Kampen starta noko famlande og tafatt fra Fjøra si side, med litt for dårleg press og unøyaktighet i det offansive spelet. Likevel kom me til nokre feite sjansar, som me burde klart å utnytta bedre. Blant anna hadde Kenneth Nondal eit farleg skot som strauk stolpen, i tillegg til at han bomma på ballen på blank kasse.
Høyang var også farleg frampå ved nokre høve, men i det store og heile hadde forsvaret til Fjøra grei kontroll. Utover i omgangen tok Fjøra meir og meir tak i kampen og pressa Høyang lenger og lenger bakover på bana. Fjøra styrte no spelet slik me ynskjer, men framleis mangla den siste finishen framfor målet til Høyang. Minuttet før pause drog Kenneth Nondal seg fint forbi ein Høyangforsvarar, og vart hindra såpass at dommar Yndestad ikkje hadde noko anna val enn å peika på straffemerket. Knut Ola Høvik sin ikkje altfor velplasserte straffe vart redda av Vefring, men Høvik var våkent framme på returen og banka ballen opp i nettaket. Dermed fortjent 1-0 til Fjøra då laga like etter gjekk til pause.
Fokuset i pausen var å få enda meir presisjon og tempo i spelet vårt, rett og slett gira opp eit hakk eller to og angripa med meir fart og tyngde mot Høyangmålet. Defensivt var det berre å holde oppe det same trykket som i den første omgangen og ikkje sleppe Høyangspissane til.
Då andre omgang starta var det tydeleg at Fjøra ikkje ville sleppe Høyang inn i kampen, og ved fleire høve spelte me oss fram til store sjansar som enten Høyang sin keeper eller ein forsvarar fekk avverga. Det låg eit mål i lufta, og endå verre skulle det bli for Høyang då dei måtte spele siste halvtimen med ti mann. Kenneth Nondal vart spelt aleine gjennom med Andre Valsvik halsande etter seg. Valsvik gjorde eit forsøk på å takle som bakerste mann, og når han då tok mann i staden for ball, vart det tidleg dusj på høgrebacken til Høyang.
Etter 70 minutt kom endeleg målet me sat og venta på. Torbjørn Ylvisåker fekk ballen i beina etter ein corner, drog av eit par mann (?!?...) før han vart hekta og ny straffe til Fjøra. Denne gang var Knut Ola Høvik sikker og dermed tomålsleiing til Fjøra. Ketchupflaska var no åpna for her skulle det komme meir. Åtte minutt seinare tok Ola Ødegaard saken i eigne hender, forserte framover mens han vrikka litt på ræva, drog eit par skotfintar og plutseleg var han aleine i Høyang sin sekstenmeter. Ola drog til og ballen la seg fint i motsatt hjørne, 3-0. I det 79.minutt entra Johan Salveson bana etter sin heimkomst fra Bali. Her skulle det stått til stormande jubel fra dei frammøtte, men det vart det dessverre ikkje… Etter 83 minutt kom Mats Nondal seg flott fri på vår høgre side og ballen enda til slutt inne i boksen hos Jørn Kvalvik. Jørn fekk på finurleg vis tak i ballen og banka inn sitt første offisielle Fjøra mål, kjekt for Askøyguten som i juni forlet fruktbygda og Fjøra. Berre to minutt seinare måtte Vefring ut i full strekk på eit skot fra Knut Ola, men Johan Salveson viste fram nasen sin for mål og fekk lirka returen i mål og 5-0 til Fjøra.
Lufta gjekk litt ut av Høyang no ettersom måla rann inn og i det 88. minutt var det Daniel Fylling som netta sikkert, nok ein gang etter flott forarbeid fra Mats Nondal på Fjøra si høgre side. Og på overtid fanga Kristian Nornes opp eit innlegg fra Øystein Wilkensen på bakre stolpe, finta vekk ein forsvarar før han nydeleg klinte ballen i mål og fastsette sluttresultatet til 7-0.
God kamp av Fjøra i dag som aldri slapp Høyang til, og me hadde god kontroll kampen gjennom. Uttelinga på sjansane burde vore bedre første timen, men veldig positivt at me står kampen ut og ikkje dett nedpå og er fornøgd med to-tre mål når me er ein spelar meir på slutten. Vanskeleg å trekka fram nokon i dag, då det var jamnt bra over heile linja. Mats Nondal gjer mykje bra etter at han vert flytta ut på kant og Øystein Wilkensen styrer mykje fra sin sentrale midtbaneposisjon. Me viser også med innbytta me gjer at me har ein brei og solid stall, og at det er hard konkurranse om plassane.
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Fredag 24.05.13 kl 19.00
Arena: Fosshaugane Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Vegard Yndestad, Florø (Frank Heggestad, Veitastrondi- Alexander Offerdal, Lærdal)
Tilskodarar: ca 30
Fjøra - Høyang 7-0 (1-0)
1-0 44 min Knut Ola Høvik
2-0 70 min Knut Ola Høvik, str (Torbjørn Ylvisåker)
3-0 77 min Ola E Ødegaard
4-0 83 min Jørn Kvalvik (Mats Nondal)
5-0 85 min Johan Salveson (Ola Ødegaard)
6-0 87 min Daniel Fylling (Mats Nondal)
7-0 90 min Kristian Nornes (Øystein Wilkensen)
Gult kort: Ingen
Rødt kort: Andre Valsvik 60 min (Høyang)
Fjøra (4-3-3):
Håvard Bøyum- Jørn Kvalvik, Per Eirik Lunde (Torbjørn Ylvisåker fra 35.), Ole Marius Solberg, Kristian Nornes- Øystein Wilkensen, Ola E Ødegaard, Knut Ola Høvik (Johan Salveson fra 79.) – Håvard Lilletvedt (Daniel Fylling fra 61.), Mats Nondal, Kenneth Nondal (Magnus Hunemo fra 70.)
Høyang (4-4-2):
Jaran Vefring- Andre Valsvik, Robert Alrek, Sjur Gjeraker, Mathias Nese- Markus Tonning, Ørjan Måren, Eirik Haukøy, Sverre Dingsøyr- Vegard Lambrechts, Thomas Frichsen
NFF-delegat Hjellhaug har kontroll på benken i dag
God stemning på benken før kampen og bedre vart den nok etterkvart som måla rann inn den riktige vegen
Godt fornøgd over å få knipsa noki snaopne dame på tribuna :)
Avspark.. Dessverre vart dette siste bilde då fotografen tidleg måtte ta på seg drakt og fotballsko