Børs Høyang - Fjøra 1-5
Forfatter: Fjøra FK
31. august 2013
Spelarbørsen er klar, denne gang utan Fylling men med Ylvis og eit par medhjelparar
Børs Høyang - Fjøra (1-5), 30.08.2013
Ein gladbørs frå Sletta og tre gode poeng å ha med seg til Hylsete
XI:
Håvard Bøyum – 6
Utruleg lite involvert og er nesten arbeidsledig kampen igjennom. Gløtta ein del bort på damekampen på bana ved sida av og vinka til noken av sine mangen kvinnelege fans.
Fredrik Tangen – 7
Er i periodar like mykje på Høyang sin banehalvdel som på vår eigen og det likar me. Flott forarbeid på første målet til Hjeltnes og elles mange gode initiativ. Einaste me har å utsetta på det offensive er at han kan vera meir bestemt enkelte ganger
Torbjørn Ylvisåker – 6
Spelar på det han er god på, plasseringssterk og roleg med ball. Plukkar greitt opp dei ballane som havnar på vår halvdel
Per Eirik Lunde –5/6
Smerter er eit framandord for Per, som alt på oppvarmingen slit med ein vond akilles. Spelar likevel over timen og har som sin stopparmakker god kontroll defensivt. Får seg også eit mål, men litt trekk for ein del slurvete oppspel
Roger «Hjellis» Hjellhaug – 7
Kanskje det beste me har sett av Roger i år. Trygg og god defensivt og ein del involvert offensivt. Scorar nesten då han spring seg fri på bakerste i andre omgang. Pluss for mange praktfulle dødballar, fortsett med det!
Magnus «Ulven» Hunemo - 6
På det jamne i første omgang men spelar seg stort opp i andre etter han vert flytta opp bak spissen. I år som i fjor vart det mål for Ulven på Sletta, men vel så imponerande var assisten hans til Hjeltnes der han passerte det som var av Høyangforsvarar
Knut Ola Høvik – 7 (Fjøras beste)
Mykje involvert i sin djupe midtbaneposisjon og set i gang veldig mange angrep derfra. Ingen målpoeng i dag, men like fullt den på Fjøra som får bestemannsprisen og må bera boomblasteren i fjellet i morgon!
Håvard Lilletvedt – 5/6
Jobbar bra kampen igjennom på venstrekanten, men litt mykje nesten. Kan setta litt meir fart og utfordra men er nok litt sliten etter å ha vore fadder for dei nye høgskulestudentane
Arild Underdal – 5/6
God feilvendt og jobbar godt til han ikkje orkar meir. Bommar på to kjempesjansar og er neppe heilt fornøgd med det…
Anders Hjeltnes – 6/7
To nye mål på Hjeltnes som verkeleg har markert seg etter overgangen frå SIL2. Kunne fort hatt eit mål til med litt betre mottak i førsteomgang, men me får sei oss fornøgd med to i dag
Jan Tore Slinde – 6
Viser prima målscorareigenskapar på målet sitt og godt overblikk då han uegoistisk legg ballen på sølvfat til Hunemo på 5-1. Blir stadig i betre form og har neppe putta sitt siste for sesongen
Innbyttarar:
Vegard Nes (frå 63.) – 6
Trygg og god i det han føretek seg og fleire gode oppspel og igangsettingar. Som sist gang ein blid og fornøgd stoppar
Ole Morten Kvam (frå 75.) – 5/6
Joggar rundt på midten og kontrollerer inn tre poeng til Fjøra
Pauseunderhaldning:
Uvisst....