[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

SIL2-Fjøra 6-1

Forfatter: Fjøra FK

08. april 2013

Fotball
News article image

Sogndal sine nest beste slapp aldri Fjøra skikkeleg til i kveldens kamp og kontrollerte inn ein 6-1 seier.

Eit pasningssikkert Sogndallag tok tak i kampen allerede fra start av og me må berre innsjå at Fjøraspelarane ikkje hang heilt med i den første omgangen. Spesielt midtbaneduoen Stamnestrø og Nesse Stephensen fekk gjera litt som dei ville og Fjøra kom aldri skikkeleg i gang, verken med eller utan ball. Når ein i tillegg ikkje er kyniske og tøffe nok i eigen boks vart det fire i sekken i den første omgangen.

1-0 kom etter 9 minutt, som resultat av ein litt dårleg avklaring i beina på ein SIL-spelar, som netta sikkert fra 14-15 meter. Fem minutt seinare krangla Stamnestrø seg forbi passive Fjøraforsvarar og skaut nede i lengste hjørnet, 2-0. Etter drøye halvtimen kom det to mål til i mot, det eine der to Fjøraforsvarar lot ballen passera på første stolpe etter ein Fjøracorner. Ikkje godt nok, og mot så god motstand som i dag vert ein hardt straffa for slike feil.

Fjøra heva seg litt etter pause og fekk ein rask redusering etter eit flott Mats Nondal skot. Men også SIL2 spelarane ville testa skotfoten, og både Karsten Bjelde og Vegard Dyrstad fekk nettsus fra drøye 20-25 meter. Alt i alt ein svak kamp av Fjøra som til slutt enda med 6-1 tap. Sjølv om me møter eit godt Sogndallag, hadde me venta meir engasjement og vilje til å visa seg fram mot så god motstand. Heldigvis er det nye moglegheiter allerede mot Eid torsdag, og me kan garantere at det er eit revansjesugent Fjøramannskap som vil vise seg fra ei bedre side der.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Mandag 08.04.13 kl 18.00

Arena: Fosshaugane Campus

Turnering: Treningskamp

Dommar: Yngve Håkonsen, Fjøra FK (Kan lesa seg opp på handsregelen, ellers godkjendt)

Tilskodarar: Ca 60

Ver og baneforhold: Strålande ver og bane

 

SIL 2 – Fjøra 6-1 (4-0)

1-0       9 min Runar Heggestad

2-0      14 min Magnus Stamnestrø

3-0      28 min Runar Heggestad

4-0      33 min Vegard Dyrstad

4-1      47 min Mats Nondal

5-1      51 min Karsten Bjelde

6-1      74 min Vegard Dyrstad

 

Gult kort: Kenneth Nondal, Torbjørn Ylvisåker

SIL 2:

Kristian Rutlin, Anders Hella, Bjørnar Hove, Espen Næss Lund, Thomas Ness, Karsten Bjelde, Kristian Nesse Stephensen, Magnus Stamnestrø, John Jonasdal, Runar Heggestad, Vegard Dyrstad

Fjøra (4-4-1-1):

Håvard Bøyum- Jørn Kvalvik, Torbjørn Ylvisåker, Vegard Nes, Roger Hjellhaug- Mats Nondal (Per Eirik Lunde fra 60.), Olve Øvstetun, Ola Ødegaard (Eilert Holme fra 82.), Kenneth Nondal (Øystein Wilkensen fra 60.)- Knut Ola Høvik (Daniel Fylling fra 28. (Arild Underdal fra 70.))- Ørjan Hjellhaug