[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - SIL 3 3-0

Forfatter: Fjøra FK

09. august 2013

Fotball
News article image

80 minutt med feriefotball etterfulgt av 10 minutt med tre scoringar til Fjøra. Pang 3-0 og nye tre poeng

Etter 80 minutt nærast utan ein målsjanse til nokon av laga var det Fjøra som orka mest på slutten og sette inn tre pinnar siste ti. Dagens mann Anders Hjeltnes med eitt mål og to assist. Dei to andre som teikna seg på scoringslista var Stian Solberg og Kenneth Nondal. Den som ventar på noko godt, ventar ikkje forgjevest heiter det seg. Me vant fortjent, men måtte slite for poenga i dag. Assistent Arild Underdal har sendt dette referatet fra kampen:

"Kampen starta med eit trykk får SIL 3 si side. Me prøvde å spele oss ut bakfrå, men SIL 3 pressa oss høgt, noko som medførte at me ikkje klarte å halde ballen i mange trekk før med mista den. Dei fekk ein del dødballar som vart slegne inn i vårt straffeområde. Dette tok me oss greitt av men me noterer oss likevel at Mathias Flo hadde ei heading i tverrleggaren i denne perioden. Utover i omgangen betra spelet vårt seg. Me heldt ballen lenger i laget, og kom oss høgare i bana. Me vendte spelet fint fleire gonger og kom oss rundt på kant og til innlegg, utan at vi skapar noko framfor målet deira. Til det hadde me litt for lite folk i boks då innlegga kom. Omgangen ebba ut med 0-0, noko som var heilt greitt etter spel og sjansar.

Andre omgang starta slik første omgang slutta. Me klarte å halde ballen meir i laget, spelte med tolmod og venta på å finne opningane. Etter 55 minutt fekk me ein stor sjanse då Kenneth kom seg rundt sin oppassar og la inn mot Jan Tore. Dessverre fekk Håvard Mjelleli i SIL-buret eit par fingrar på innlegget, noko som gjorde at ballen kom litt bak Jan Tore slik at han ikkje fekk heilt dreis på avslutninga. Ballen vart difor redda på streken av ein Sogndalspelar.

Det såg ut som ein typisk 0-0 kamp, men innbytar Stian Solberg ville det annleis. Etter 81 minutt spelte Anders ein flott stikkar til Stian og åleine med keeper sette Stian ballen kontrollert i mål. Etter det var det ingen tvil om kven som skulle bli vinnar av dagens kamp. Sil 3 tok større sjansar, og det opna opp slik at me kom til fleire gode avslutningar. Då det var igjen 5 minutt kom dagens angrep. Me spelte oss fint ut på høgreback ved Eilert. Johan møtte, spelte vegg med Øystein, fekk att ballen og la ein strøkent innlegg. Kenneth kom til avslutning, keeper redda før Anders sette returen i mål. Rett og slett eit klasseangrep. Me skulle få eit mål til før dommaren bles av kampen. Etter ein corner til SIL 3 gjekk me rett i angrep der Johan fann Anders på topp. Han låg ein mot ein mot ein Sogndalstoppar, sette fart og utfordra. Her hadde Hjeltnes verkeleg bestemt seg og då er han ikkje god å stogga. Dette var Kenneth fullstendig klar over og la avgårde på eit sugande løp frå eigen 16-meter. Løpet enda i ein vakker overlapp der han vart spelt fri av Anders på motsatt 16-meter. Åleine med keeper sette Kenneth ballen fint i lengste hjørnet. Dermed 3-0 til Fjøra, og ei flott avrunding på kampen.

Neste helg blir det toppkamp på bortebane mot Sandane, eit oppgjer me gler oss veldig til. Det er dette me trenar for heile vinteren, kampar som verkeleg betyr noko. Me spelar med stor sjølvtillit om dagen og dette skal me ta med oss inn i oppgjeret på Idrettsplassen."

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 09.08.13 kl 19.00

Arena: Fosshaugane Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Per Oddvar Lien

Tilskodarar: 50

Fjøra – Sogndal 3  3-0 (0-0)

1-0      81 min Stian Solberg (Anders Hjeltnes)

2-0      85 min Anders Hjeltnes (Kenneth Nondal)

3-0      90 min Kenneth Nondal (Anders Hjeltnes)

Gult kort: Per Eirik Lunde, Kenneth Nondal

Fjøra (4-2-3-1):

Håvard Bøyum- Vegard Nes (Eilert Holme fra 46.), Ole Marius Solberg, Torbjørn Ylvisåker, Roger Hjellhaug – Daniel Fylling, Per Eirik Lunde (Øystein Wilkensen fra 81.)- Johan Salveson, Anders Hjeltnes, Kenneth Nondal – Jan Tore Slinde (Stian Solberg fra 73.)

Sogndal 3 (4-4-2):

Håvard Mjelleli -  Henrik Navarsete, Niklas Sjølie, Tommy Øren, Eirik Kristoffersen – Erik Loftesnes, Karsten Bjelde, Endre Reinås (Pål Fossnes frå 82.) – Mathias Flo (Kjetil Andre Eide frå 68. (Karlis Bremer frå 89.)), Marius Salomonsen