[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Dale - Fjøra 0-2

Forfatter: Fjøra FK

02. august 2013

Fotball
News article image

Ny trepoengar til Fjøra

Det vart nok ein trepoengar til Fjøra då Dale vart slått 2-0 på Dingemoen kunstgras i kveld. Men som i førre kamp gjekk det litt trått i starten og førsteomgangen var prega av ein del slurv, unøyaktighet og dårleg tempo. Dale hadde nokre halvfarlege frispark som vart lempa inn i feltet og fekk også eit mål annulert mot slutten av omgangen. Annuleringa var nok korrekt sidan det vart vinka for offside samstundes som dommaren bles frispark for dytt i rygg på ein Fjøraspelar.

Fjøra på si side hadde nokre farlege innlegg som gjekk gjennom feltet. I tillegg var Hjeltnes åleine med keeper etter ein god gjenvinning høgt i bana men avslutninga vart stoppa av Dale sin keeper.

Uavjort 0-0 etter ein jamn førsteomgang var greit nok, men i andre omgang var det eit kvikkare Fjøralag som kom på bana og alt etter 8 minutt gav det utteljing. Først vann Øystein og Daniel to hovudduellar før Ørjan Hjellhaug sendte Anders Hjeltnes igjennom åleine med keeper. Og som mot Jølster sist var Hjeltnes sikker og sette ballen i korthjørna og 1-0 til Fjøra. Etter dette åpna det seg naturleg litt opp for Fjøra då Dale måtte framover, men dei store sjansane uteblei. God kontroll defensivt i heile andre omgangen, men med litt meir presisjon kunne me fått fleire gode overgangar som kunne resultert i mål.

Ikkje før klokka bikka 90 minutt dobla Fjøra leiinga og punkterte kampen. Først eit kort frispark på Fjøra si høgre side, før Johan Salveson svinga ballen nydeleg inn på bakerste stolpe. Der sto Underdal som ikkje kunne unngå å score med pannebrasken og dermed 2-0. Like etter var innbytar Jan Tore slinde åleine med keeper etter flott forarbeid nok ein gang av Salveson men Slinde brukte høgra og dermed vart det bom. Kampen ebba dermed ut i ein, etter vår meining, fortjent 2-0 seier til Fjøra.

Ikkje den heilt store underholdningen i dag, men Fjøra framstod som solide defensivt og med gode igangsettingar. Slepper ein ikkje motstandaren til meir enn i dag så står du fort med tre poeng i lomma når dommaren bles av kampen. Som me sa sist så vil nok det offensive komme litt etter kvart, for der er me fortsatt ikkje heilt fornøgd med korleis me framstår.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 02.08.13 kl 19.00

Arena: Dingemoen kunstgras

Turnering: Seriekamp

Dommar: Rune Haugland

Tilskodarar: 90

Dale - Fjøra 0-2 (0-0)

0-1      53 min Anders Hjeltnes (Ørjan Hjellhaug)

0-2      90 min Arild Underdal (Johan Salveson)

Gult kort: Johan Salveson

Dale (4-5-1):

Myklebust – Myklebust, Systaddal, Solheim, Tonning – Aase, Kummeneje, Rogne, Erstad, Wichstrøm - Mundal

Fjøra (4-2-3-1):

Håvard Bøyum- Vegard Fardal Nes (Jan Tore Slinde frå 76.), Ole Marius Solberg, Torbjørn Ylvisåker, Johan Salveson - Per Eirik Lunde, Øystein Wilkensen, - Ørjan Hjellhaug (Arild Underdal frå 57.), Daniel Fylling, Kenneth Nondal (Roger Hjellhaug frå 84.)- Anders Hjeltnes