Fyllings hörna
Forfatter: Fjøra FK
16. februar 2014
Børs fra kampen mot Bjørn
Børs Fjøra FK - Bjørn (2-1), 15.02.2013 (Treningskamp)
Mi vil prøva å få til børs i år, som ifjor, men kan ikkje garantera at det vil komma ein etter kvar einaste kamp, så eg håpa de lesarar kan ha litt same innstilling som styremedlem Eilert; de teke da de får.
Dagens kamp var ein typisk treningskamp der mykje lugga og det gjer sikkert børsen óg,
XI:
Håvard Bøyum – 5
Sporty av Håvard at han stiller opp når han har perm fra militæret (eller meir korrekt vinterferie frå studiar) og me har manko på keeperar! Hadde ifølge han sjølv ikkje toucha ein ball sidan forrige Fjøratrening, men klarte seg heilt greit idag.
Mathias B.N Nesse – 6
Ever present offensivt fra sin høgrebackposisjon idag og kjem til fleire gode innleggposisjonar. Viktig at backane bidreg når ein møter lag som ligg såpass djupt som Bjørn. Uansett ein god kamp av ungguten fra Høyanger!
Knut Øystein Ripe (45 min.) – 5
Grei kontroll defensivt, men litt knotete med ball i periodar. Må ta meir offensivt ansvar ilag med stopparmakker Lunde når me møter djuptliggande lag.
P.E.L –5/6
Botnsolid defensivt sjølv om eg mistenker Per for å miste ballen med vilje berre slik at han kan takla han tilbake igjen ved nokre høve. Vart bedre med ball utøver i 2 omgang.
Sindre Sanden – 5
Som resten av forsvaret, god kontroll defensivt, men kan komme på fleire offensive bidrag. Lovte avslutninga før kamp og får trekk for å ikkje komme med bidrag der :-)
Knut Ola Høvik– 6
Tek seg av det meste av duellar framføre midtstopparane og balanserer laget godt. Ein del fine pasningar, men lider litt av det er lite plass/bevegelse i laget til tider. Stort pluss for gode dødballar.
Håvard Lilletvedt (63 min.) – 5
Ein kamp på det jevne. Kombinerer fint fleire gangar, men blir mykje nesten på siste 3-delen. Burde skora i 1 omgang på ferdigskora pasning fra Fylling :-)
Daniel Fylling (70 min.) - 5/6
Flink til spele fri kanten sin, spesielt i første omgang. Gjer det han likar aller best når han trer ballen imellom stoppar og back. Kan setta meir fart enkelte gonger
Kenneth Nondal (63 min.) - 5
Dett litt ut av kampen til tider og kan med hell utfordre backen sin meir. Burde minst ha sett eit mål i dag!
Anders Hjeltnes – 5/6
Har eit veldig stort potensiale offensivt og får seg også 2 fine målpoeng idag. Litt meir nøyaktigheit og presisjon inni motstandaren 16-meter idag og Anders kunne hatt det 4-doble. Minst!
Victor Aguiar (45 min.) – 5
Jobba veldig bra, men kunne nok gjort det enklare for seg sjølv og andre i enkelte situasjonar.
Innbyttarar:
Arild Underdal (45 min.) – 5/6
God jobb feilvendt og flink til å sette opp medspelarane sine.
Ole Morten Kvam (45 min.) – 5/6
Veldig bra med ball, flink til å finne korridorar offensivt. Kontroll defensivt. Fekk seg t.o.m ein assist!
Kees Erstad (63 min.) – 5
Legg ned ein solid innsats som indreløpar. Flink til å vinne ballen.
Steffen Olsen (63 min.) - 5
Kjem seg til linja fleire gongar, men gjenstår litt på siste finishingen.
Karlis Bremers (70 min.) - 5
Kjem innpå når tempoet har senka seg veldig i kampen, men viser god innsats.