[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch: Fjøra FK - Førde II

Forfatter: Jan Fuglesteg

03. juni 2012

Fotball
News article image

Fjøra FK og Førde II avsluttar den 7. serierunden i 4. divisjon då dei møtest på Sogndal stadion i morgon måndag 4. juni. Fjøra møter eit ungt lag som er inne i ein god trend om dagen og som har to sigrar med seg i bagasjen. Fjøra var attende på vinnarsporet mot Høyang, men utan å imponere. Me har laga ein liten prematch.

Framfor kampen i morgon har me fått følgjande kommentar frå trenar Kjell Ertesvåg:

" Etter den gode sigeren mot Høyang sist, har det vore god stemning og god kvalitet på trening. Sjølv med siger sist, synte kampen at me har mykje å jobbe med. Intensiteten i spelet, og kvalitet og presisjon på siste tre-del har vore fokus denne veka. Me opplever at motstandar legg seg bakpå, senkar tempoet, og møter oss med stor duellvilje. Dette har me vore førebudde på, men har likevel ikkje heilt fått til rytmen offansivt. Med hardt arbeid på kvar einaste trening, vil dette komme. Får me til betre offansive rytme mot Førde?

Deffansivt har me vore solide, noko 5 baklengs stadfestar, og få klare målsjansar i mot.

Diverre har me nokre skada spelarar som dagen, samt eksamensfokus på fleire, men slik er fotballen, og dette er noko alle lag opplever i periodar. Me var heldige med lite forfall i vinter, men har fått det hardare no. Vårt fokus inn mot kamp, er på dei som er tilgjengelege, så får som ikkje er tilgjengelege no bruke tida godt, slik at dei er i bra form når dei er tilbake.

Det me kan få gjort noko med, er å prestere godt mot Førde 2, og det har me planar om å gjere.
"

Troppen som skal ose av vinnarvilje mot Førde 2 er:

Håvard Bøyum, Bjarte Hovland, Jørn Kvalvik, Vegard Fardal Nes, Ørjan Hjellhaug, Kenneth Nondal, Torbjørn Ylvisåker, Ole Morten Kvam, Ola E. Ødegaard, Espen Granlund, Anders Hella, Stian A. Solberg, Johan E. Salveson, Johan Vorgaard, Sebastian T. Eriksen og Magnus Hunemo

Førde II har ikkje Fjøra møtt i serien tidlegare og det er soleis eit nytt bekjentskap. Men i 2001 møtte Fjøra Førde sitt 2. lag i Firdacupen, ein kamp som enda 3-3. Det me veit om Førde II denne sesongen er at dei stiller med ungt mannskap.

Så langt i sesongen har førdianarane vore best på bortebane. På dei tre bortekampane dei har spelt så har det vorte 2 sigrar og eitt tap med målskilnaden 11-5. Heimestatistikken er motsett. Me legg også til at Førde II er inne i ein god "stim om dagen og står no bokført med to sigrar på rappen høvesvis mot Dale (2-1) og no sist mot Balestrand (5-4). Førde II er eit lag som varierer ein del i prestasjonane, men når dei får ting til å sitja er dei ikkje gode å få has på.

Fjøraspelarane gler seg til kamp mot Førde II og me håpar at dei kan fortsette poengfangsten og i tillegg få det til å losne endå meir i den offensive delen av spelet.

Me tek ikkje sikte på å overføra kampen direkte og oppmodar flest mogleg til å ta turen for å sjå den med eigne auge. Kampstart på Sogndal stadion er 19:00.