[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Sterk bortesiger mot Dale

Forfatter: Jan Fuglesteg

23. juni 2012

Fotball
News article image

Fjøra vann kveldens kamp mot Dale med imponerande 3-0. Fjøra reiste til Dale med ein ganske tunn tropp, men det såg ikkje ut til å prega Fjøra nevneverdig. Fjøra hadde kontroll på Dale kampen igjennom, vann kampen heilt fortent og tok med seg tre viktige poeng heimatt til Sogndal.

Fjøra var tydeleg førebudde på kamp frå starten av. Det førte til gult kort og scoring alt etter tre minuttars spel. Roger Hjellhaug fekk "kjekset", medan Espen Granlund sette ballen i mål frå kort hald. Ein kjempestart på kampen for Fjøra.

Utover dette målet var første halvdel av omgangen jamnspelt. Ingen av laga greidde å spele seg til sjansar, det vart berre nesten. Litt meir presisjon og sjansane hadde vore der. Utover i omgangen tok Fjøra meir over og hadde kontroll på kampen. Etter 44 minuttar hadde Fjøra ein ball i tverren, og på overtid i omgangen lukkast Magnus Hunemo med å dobble leiinga til Fjøra då han frå 16 meter sette ballen inn i hjørna. Fortent leiing til Fjøra ved pause.

Andre omgang hadde Fjøra kontroll på. Det var ein sjansefattig omgang med ein del duellar og der Fjøra var robuste og slapp vertane svært lite til. Mot slutten av kampen tok Fjøra meir over, og etter 84 minuttar auka dei leiinga si til 3-0. Debutant Eivind Gjerald var mannen bak scoringa.

Trenar Kjell Ertesvåg har følgjande kommentar til 3-0 sigeren over Dale:

" Godt gjennomført bortekamp dette. Spelarane synte god moral og innstilling frå fyrste minutt. Me fekk ein pangopning med 1-0 etter få minutt. Deffansivt er me veldig solide igjen, og Dale skapar ikkje ein skikkeleg målsjanse på oss. Offansivt skårar me 3 flotte spelemål, samt at me har nokre nesten sjansar. Me burde og ha hatt ein straffe då Johan vart klypt ned åleine med keeper, men domar Åmot valde å vinke spelet vidare. For den nøytrale tilskodar var nok ikkje dette ein "høgdare", men for oss var det ein solid kamp.
Alle spelarane leverte skikkeleg innsats, vilje og ofring for Fjøra FK i 96 minutt.

Debutant Eivind Gjerald markerte seg med skåring og godt vingspel.
"

Neste og siste kamp før Fjøra tek sumarpause er komande onsdag då Balestrand gjestar Sogndal.



KAMPFAKTA

Dale IL - Fjøra FK 0-3 (0-2)

Mål:

0-1, Espen Granlund, 3 min
0-2, Magnus Hunemo, 45 min
0-3, Eivind Gjerald, 84 min

Gult kort:
Roger Hjellhaug, Fjøra. Frank Vik og Eirik Systaddal, Dale.

Domartrio:
Ragnar Åmot, Jølster IL. Assistentar: Rolf Kåre Almenning, Florø SK og Lars Eirik Berge, Gaular IL.

Tilskodarar:
Ca ? stk

Dale (4-5-1): Tommy Holm - Geir Loneland (Vegard Vesterås frå 69. min), Kim Frode Solheim, Erlend Osland, Martin Tonning - Simen Stølen (Eirik Systaddal frå 46. min), Runar Aune, Kristoffer Rogne (Richard Skår frå 46. min), Henrik Kummenje (Jonas Nordal frå 46. min), Jan-Anders Tonning Wichstøm - Frank Vik

Fjøra (4-2-3-1): Håvard Kristiansen Bøyum - Ola Egge Ødegaard, Torbjørn Ylvisåker, Vegard Fardal Nes, Roger Hjellhaug - Ole Morten Kvam, Espen Granlund - Kenneth Nondal, Johan Vorgaard, Eivind Gjerald - Magnus Hunemo