Trekning reisegavekort mai, juni, juli
Forfatter: Fjøra FK
22. august 2014
Fredag vart det trekt ut tre nye vinnarar av reisegavekort a kr 4000
Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.
Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit reisegåvekort pålydande 4.000 kroner. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 2-4 vinnarar i slengen. Vinnarane vil få tilsendt gavekortet i løpet av dei nærmaste vekene.
Vinnarane for mai, juni og juli vart trekte no i helga, og dei heldige vinnarane vart Gisle Venes, Atle Hatleberg og Elin Alræk. Desse vil få tilsendt kvar sitt gavekort på kr 4000 i løpet av kort tid, me gratulerer!
Januar Nr 011 Per Kristian Ødegaard
Februar Nr 287 Stein Harald Hjeltnes
Mars Nr 021 Jan Arild Jakobsen
April Nr 360 Magdalon Sætre
Mai Nr 104 Gisle Venes
Juni Nr 058 Atle Hatleberg
Juli Nr 132 Elin Alræk
August Nr 000
September Nr 000
Oktober Nr 000
November Nr 000
Desember Nr 000