Statistikk: Fjøra FK - Jølster IL
Forfatter: Jan Fuglesteg
03. august 2012
Fjøra møter i kveld Jølster heime i Sogndal i den 13. serierunden i 4. divisjon. Jølster er eit lag Fjøra har møtt ein del gonger tidlegare og statistikken viser at båe lag har teke jamnt for seg.
Første gongen Fjøra møtte Jølster var såpass langt attende som i slutten av mai 1978. Det enda med 2-1 tap i Jølster, medan Fjøra slo Jølster med same siffer i returoppgjeret heime i Sogndal. Totalt har desse laga møtt kvarandre 33 gonger i serien (heime og borte). Oppgjera har vore spelt både i 3., 4. og 5. divisjon. Fjøra har vunne 13 kampar, Jølster 12, medan 8 har enda med poengdeling. Måltala seier at Fjøra har putta 12 fleire mål enn Jølster: 64-52. Bryt ein det ned til Fjøra sine heimekampar mot Jølster så viser statistikken klar fordel Fjøra. På dei 16 kampane som er spelte så har Fjøra vunne 6, Jølster 4 og dei resterande 6 kampane har enda uavgjort. Måltala viser 33-19 fordel Fjøra.
Dei siste 10 innbyrdes oppgjera i Sogndal (seriekampar) er:
2010: Fjøra - Jølster 2-0
2009: Fjøra - Jølster 4-4
2002: Fjøra - Jølster 9-2
1999: Fjøra - Jølster 0-0
1998: Fjøra - Jølster 6-0
1997: Fjøra - Jølster 0-0
1996: Fjøra - Jølster 1-0
1995: Fjøra - Jølster 0-0
1994: Fjøra - Jølster 3-3
1987: Fjøra - Jølster 0-1
Som de ser av lista over lyt me 25 år attende før me finn siste gong Fjøra tapte for Jølster i seriesamanheng heime i Sogndal. Største heimesiger for Fjøra kom i 2002 og enda 9-2 der Arild Lunde Underdal mellom anna putta 3 av måla. Største Jølstrasiger i Sogndal kom i 1980 då Jølster vann 3-1 etter scoringar av Ragnar Åmot, Jo Paulen samt eit sjølvmål.
Fjøra er for tida inne i ein god periode og har følgjande resultat siste 5 kampar:
Lærdal - Fjøra 2-5
Fjøra - Balestrand 9-1
Dale - Fjøra 0-3
Fjøra - Sogndal II 3-3
Skavøypoll - Fjøra 1-1
Fjøra ligg på 2.plass på tabellen og tok inn 2 poeng på suverene Sogndal II som spelte uavgjort 3-3 mot Sandane førre runde. Heime har Fjøra vore solide i år og står bokført med 4 sigrar og 2 uavgjorte kampar. Dei har scora godt med mål, 4,67 per kamp. Bakover er det også botnsolid med 1 innsluppe mål per kamp.
Jølster ligg på 8. plass før denne kampen. Det er nok ikkje jølstringane heilt nøgde med. Det er relativt kort veg opp til 5. plassen som Balestrand per tid har. Jølster er eit betre heime- enn bortelag og på sine 6 bortekampar sålangt har det vorte 1 siger 2 uavgjorte og 3 tap. Scorar og slepp inn omlag 2 mål per kamp. Toppscorarar for Jølster er Arild Bakken og Oddne Årdal med kvar sine 6 mål.
Jølster sine siste fem kampar er:
Jølster - Fjøra 7-0
Jølster - Dale 0-0
Sogndal II - Jølster 4-2
Jølster - Skavøypoll 1-1
Førde II - Jølster 1-0
Jølster kjem frå ein flott 7-0 siger heime mot overraskingslaget Balestrand. Jølstringane har dermed holdt nullen dei siste to kampane. Me ser også at Jølster har vore gode mot dei beste laga i vårsesongen. Uavgjorte resultat både mot STIL og Skavøypoll er sterkt, samt knipe tap mot Fjøra. Bra med også mot Sogndal II. Det er difor ingen tvil om at det er eit godt lag Fjøra møter fredag og foren for dei grønkledde er stigande.
Jølster stilte med følgjande mannskap i storsigeren over Balestrand i ein 4-3-1-2 formasjon (ifølgje frirda.no):
Almar Eli Færseth - Jon Atle Heggheim, Gestur Gylfason, Jon Arild Halland, Knut Øystein Ripe - Ole Martin Eide, Oddne Årdal, Ole Martin Bolset - Kristian Helle - Sondre Årdal og Trond vegard Ripe
Me ynskjer gjestane frå nabokommunen i nord hjartleg velkomne til bygda og kamp!
Kampen går på Sogndal stadion med avspark kl 19:00. Ta turen oppom stadion. Me kjem ikkje til å overføra kampen live på fjora.no.