Fyllings hörna SIL3-Fjøra
Forfatter: Fjøra FK
03. mai 2013
Ein fornøgd Daniel etter dagens kamp har sendt oss denne børsen. No også med bilder
Børs SIL3 – Fjøra FK (3-4), 03.05.2013
Ein del meir motiverande å skrive børs etter denne kampen kan ein sei. Er fortsatt litt trøytte, men dette no av naturlege årsakar. Here we go! (e da frestn mule å bytta da bildet på framsia her?!?)
XI:
Bjarte Hovland – 5/6
Slepp inn 3 mål, men kan vel egentleg ikkje lastas for noken av dei. Glimrande som igangsettar, både med bein og hender. Sjæf i feltet og god beinparade på 4-2. Kjekt å ha Bjarte tilbake sjølv om han ikkje er fullt så good looking som Håvard.
Jørn «Kneskåla» Kvalvik – 5/6
Eit steg i rett retning for Jørn i dag, men eg likar å vere litt streng med Askøyværingen. Solid backspel. Flink til å stjele ballen fra motstandarane. Viser seg som ein kald fisk når han heilt upressa spelar ballen ut til corner med kneskåla i 1.omg.
Olem Solberg – 6
Enda tregare enn vanleg i dag, då han spelte med strekk. Mange spør seg sikkert korleis ein så treg fyr kan få strekk, men Olem klarar det meste. Ryddar opp i kjent stil uansett, men scoring i rett mål trekk voldsomt ned. Unødvendig å score no som Fylling er skada. Høyrt om fair-play?
P.E.L – 6
Vart nesten glad når eg såg Per’n låg nede med skade eit kvarter før slutt, for det kan virke som at Per berre stuper/hoppar inn i alt som er av duellar og kjem uskadd fra det. Dette viser at Per’n er menneskeleg og ikkje ein robot (Terminator) som først antatt. Fekk seg jaggu ein scoring han og, i tillegg til solid spel.
Kristian Nornes – 6
Må ha valgt rett styrke på linsene sine i dag for alt gjekk så mykje enklare enn sist. Fant medspelarar og spelte ballen enkelt. God i press/duellspel. Fortsatt litt for stor tunnellyst (nytt ord?), men kanskje den beste kampen av Kristian i Fjøratrøya hittil. Pluss for nye sko og eit heilt unødvendig gult kort på tampen.
Øystein Wilkensen – 5/6
Som mange andre var dette meget bedre fra Wilko. Ting gjekk litt fortare både i hovud og bein i dag. Gjer ein viktig jobb som skjerm foran stopparane og gjer jobben deira enklare. Fortsatt litt slurv, men mange hakk opp i høve Dalekampen.
Olve Øvstetun – 6
Tastisk i duellspelet i dag! Det Olve ikkje har i høgde gjer han opp for med innstilling. Vinn ballen i gunstige posisjonar og legg ned ein enorm innsats. Sikkert den som sprang mest på bana i dag. Keep up! Får trekk for litt nøling siste 3.delen og sjølsagt straffemissen, men assisten (på 2-0) veg nesten opp for dette.
Håvard Lilletvedt – 6
Luftens baron? 2 kampar, 2 mål, begge på hovudet. Er dette noke du ha smugøvd på? Sjukt!
Har óg tydlegvis øvd på press og seine sklitaklingar for dette var ein kamp der Håvard verkeleg trykte til. God med ball og hans beste kamp uten ball, bra!
Kenneth Nondal – 6/7 (Fjøra’s Beste!)
Endeleg er bussjåføren vår blitt varm i trøya! Ville ha 10ar på børsen etter kampen, men får nøye seg med noke litt meir moderat. Leikar seg nedover venstresida ved fleire høve, skapar sjanser, jobbar heim, ja i dag var Kenneth verkeleg på. Dette endar med 1 mål og 1 assist som resultat. Fortsett slik!
Ørjan Hjellhaug (ut etter 18 min) – 5
Ørjan måtte gi seg med hol i leppa etter ein stygg alboge fra kamerat Rune Åberge på SIL3. Blødde som ein gris og unge Åberge må nok sjå seg over skuldra i dagane framover.
Arild Underdal – 6/7
Beste Arild-kamp i 2013 må eg sei. God som oppspelspunkt og får med seg medspelarane framover. Ein assist av beste merke på 3-1, pent! Ikkje like rask som før, men viser at rutine er viktig, spesielt då han utfører feilkast av beste merke på slutten av kampen!
Innbyttarar:
Mats Nondal (inn i 18.min) - 5
Mats kjem inn tidleg for Ørjan og er involvert i mykje, men det vil seg ikkje heilt på siste 3.delen og inn. Litt meir bestemt i visse situasjonar så blir dette bra.
Eilert Brox Holme (inn i 74. min) – 4/5
Kom inn med bukse(!) til Årøyen sin store frustasjon. Bomma (rutinert) på ballen med vilje ein del gongar og fekk kroppstakla/blokka vingen til SIL3 ein gang, ellers er dette Eilert på det jamne.
Magnus Hunemo (inn i 76. min) – 5
Er 5 godt nok Magnus?
Pauseunderhaldning:
Mykje dårleg hepping til å begynne med der det såg ut som ingen hadde vore borti ein fotball før. Tok seg stort opp etter at Tobbe satte seg igjen!
Torbjørn Ylvisåker– 3/4
Dette var svake greier du. Telte vel ein hæl og noken godkjente hepp, ellers såg da ut som han leid av kulden på Campus.
Daniel Fylling – 5
Leid verkeleg under Tobbes dårlige avleveringar i starten, men tok seg stort opp med mange finurligheitar etterkvart!
Vegard Fardal Nes – 4
Å sjå Fnesn på si første heppeøkt var meir som å sjå ein ungkalv få springe ut på beitet etter ein lang vinter. For av gårde, datt om, reiste seg att, av gårde atte, datt, reiste seg osv. Ja, det Fnesn prøvde verkeleg på ting han ikkje kunne, men slapp av Vegard, dette kjem seg med litt rutine.
Stian Solberg – 4
Virka kald og stiv etter ein omgang på tribuna/benken, men stilte sporty nok opp. Veldig A4 i spelestilen og ikkje den som skil seg ut. Eg savnar litt samba Stian!
BONUS! (Utvalgte bilder)