Vurdering serierunde 3
Forfatter: Jan Fuglesteg
01. mai 2013
Serierunde 3 vert sparka i gang alt no i kveld og me har difor laga til ein liten vurdering av runden.
Som vanleg så vurderer me ikkje Fjøra sin eigen kamp, det vil koma ein eigen prematch på denne.
IL Høyang - Florø II (Torsdag 2. mai kl 19:00)
Sterkt bortepoeng av Høyang mot Skavøypoll førre helg sjølv om dei spelte mot 10 mann i dei siste 30 minutta av kampen. Sjølv om dei fekk eit overtidsmål i mot seg kom dei att og utlikna heilt på slutten av overtida. God prestasjon mot eit godt heimelag. Heime på Sletta vart det tap i opningsrunden og det er nok dei raude ute etter å revansjere. Florø sine nest beste toppar tabellen etter to serierundar og vann til slutt komfortabelt 3-0 mot Kaupanger på eide gras førre helg. Bur mykje bra i dette unge FSK-laget og dei er komne skikkeleg godt i gang. Dette er heilt opent og me trur dei deler poenga.
Kaupanger IL - Eid IL (fredag 3. mai kl 19:00)
Kaupanger har fått ein dårleg start på sesongen og står utan poeng og som einaste lag i avdelinga som ikkje har scora mål endå. Og det er nettopp der skoen trykkjer mest. Laget skapar bra med sjansar, men dei har ikkje lukkast å omsetja dei i mål. Då vert det vanskeleg å vinna kampar sjølvsagt. Men spelemessig er det brukbart så det handlar om å få "hol på byllen" og dermed få litt ro slik at dei ikkje heile tida treng å jaga utlikning.ø Då vert det fort fleire baklengs. Eid fekk seg ein nasestyvar førre runde då dei gjekk på eit 1-3 tap heime for ein av sine argaste opprykkskonkurrentar, Sandane. Det inneber at det er eit skjerpa Eid-lag som entrar Kaupanger stadion på fredag. Det trur me held til poeng og me trur dei tek med seg alle poenga sjølv om dette er ein guffen kamp for gultrøyene.
Sandane T&IL - Balestrand IL (fredag 3. mai kl 19:00)
Sandane røyste kjerringa då dei fortent vann med sterke 3-1 borte mot Eid. Offensivt brilljerte laget med Wie-brørne i spissen og me trur dei kjem til å fortsetja med det også i kampen mot Balestrand. Balestrand står med to strake tap og har med det plassert seg i botn. I denne kampen skal det vera klasseskilnad laga imellom og her bør heimelaget ta alle poenga.
Dale IL - Jølster IL (fredag 3. mai kl 19:00)
Dale vart for lette i kampen mot Fjøra førre helg sjølv om det lenge var mållaust. Dale står godt på og har einkeltspelarar som kan skape trøbbel for motstandar, spesielt spissen Tommy Holm viste seg å vera ein spelar med flott driv. Jølster tapte lokaloppgjeret mot Førde II og no skal dei på nytt ut i bortekamp mot eit Sunnfjordlag. Hang ikkje heilt med mot Førde II og tapte den kampen fortent. Open kamp på Dingemoen dette, men her gamblar me rett og slett på at Jølster tek med seg poenga heim.
Førde II - Skavøypoll IL (sundag 5. mai kl 15:00)
Dette er rundens toppkamp. Førde II står med full pott etter at dei slo Jølster heime i førre runde. Får attende ein spelar frå karentene. Ny heimekamp for Førde II og der trur me dei vert vanskelege å handskast med denne sesongen. Skavøypoll tapte 2 poeng på overtid i 4-4 kampen mot Høyang heime på kunstgraset i Deknepollen. Bittert sjølvsagt, men slik er det av og til. Dette er ein kamp som etter vårt syn er heilt open og akn vippe begge vegar. Eller ingen vegar. Me tippar at dei deler poenga.