[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Prematch Kaupanger-Fjøra og 16.mai runden

Forfatter: Fjøra FK

15. mai 2013

Fotball
News article image

Det er duka for 16.mai runde, og dermed mange godbitar i lokalfotballen. Her kjem vurdering av runden

Det er dagen før den store dagen. Og for dei over middels interessert i fotball, er det ikkje 17.mai som er den store dagen, men derimot 16.mai. Dagen for dei store lokaloppgjera, dei spennande prestisjeoppgjera og den dagen som dreg mest publikum til stadionane, både oppover og nedover i divisjonssystemet. Det er 15.mai og det er klart for vurdering av morgondagens fotballrunde.

For Fjøra sin del ventar eit spennande nabooppgjer mot Kaupanger borte på Skogen, etter at oppgjeret i fjor vart spelt på Kvåle stadion. Fjorårets 16.maikamp var for øvrig ein nitrist forestilling som enda 0-0, og utan at nokon av laga knapt hadde produsert ein målsjans. Me tippar på bedre underholdning i år!

Kaupanger har hatt ein svak start på årets fjerdedivisjon og er nok på desperat jakt etter poeng før oppgjeret mot fjørene. Laget står med null poeng etter fire kampar men har nok vesentleg meir inne enn det tabellsituasjonen pr i dag tilseier. Me forventar derfor ein jamn og tøff kamp mot eit hardtkjempande Kaupangerlag, og håpar sjølvsagt det vil gå endå ein serierunde før det losnar poengmessig for grøntrøyene.

Fjøra på si side har hatt fin progresjon i spelet sitt sidan seriestart, og sjølv om det vart eit skuffande tap for Sandane sist, var nok dette den beste kampen til laget hittil. Det er ein del småskadar på enkelte om dagen, og troppen til Fjøra er derfor endå noko usikker. Uansett vil me stille eit slagkraftig lag som skal prøve ta tak i kampen fra start, og sette standarden på våre premissar. Spesielt ønskjer me å ta med oss den svært positive førsteomgangen mot Sandane og bygge vidare på dette både defensivt og ikkje minst offensivt, der me hadde mange gode kombinasjonar.

Me håpar så mange som mogleg set av litt tid til lokalfotball på Skogen slik at me kan få ei fin ramme rundt kampen. Kampstart er kl 18.00. Dersom du ikkje har høve til å reisa på kampen (fy skam :-), så vil Hallo Sogn overføra kampen direkte. Lenkje til direkteoverføringa finn du her: http://radio.oppdateringsfabrikken.no/media/Livestudio.html

Det er full runde i fjerdedivisjon i morgon, 16. mai, med unntak av Førde 2 og Florø 2 som møtes i kveld. Nedanfor følgjer ei lita vurdering av runden:

Førde 2 – Florø 2

Tjuvstartar runden i kveld. Både Florø og Førde har 16.mai kamp så begge andrelaga stiller nok derfor noko svekka samanlikna med tidlegare i år. Førde 2 toppar tabellen med ti poeng, medan Florø sitt andrelag har plassert seg midt på med to seirar og to tap. Nokså åpen kamp, men me prøver oss med ein dristig borteseier. B

Høyang - Balestrand

To lag som er venta å slite på nedre halvdel. Balestrand fekk med seg sine første poeng i seieren mot Kaupanger sist, men me trur Thomas Frichsen vert tunga på vektskåla her og går for ein tynn H

Sandane - Jølster

Sandane med heldig seier mot Fjøra sist. Ruben Wie ut med skade i det oppgjeret men er truleg tilbake her. Skal vere klasseforskjell på desse laga, og me trur Wiebrørne sørgar for klink H

Sogndal 3 – Dale

Vanskeleg kamp å spå utfallet av då ein ikkje veit kva lag SIL 3 stiller. Har vore flust i førstelagsspelarar på andrelaget i det siste, noko som og forplantar seg nedover til eit sterkt SIL3 mannskap. Me forventar at tredjelaget til Sogndal stikk av med seieren her, H

Skavøypollen – Eid

Rundens toppkamp, som me anser som heilt åpen. Begge lag har fått ein relativt god start på sesongen, Eid med 9 poeng og Polljen med 7 etter fire rundar. Anser Eid som det beste laget, men me trur laga deler poenga. U