Fjørakontraktar
Ny spelar klar for Fjøra
Forfatter: Jan Fuglesteg
03. august 2012
Fotball
Fjøra har sikra seg Syril sin kaptein Per Eirik Lunde framfor haustsesongen.
Overgangspapira er i boks og han vert speleklar frå og med i dag, fredag 3. august. Det innebær at han er med i kveldens tropp som skal bryne seg på Jølster.
Per Eirik er ein fin type å ha i eit kvart lag. Fysisk sterk og viktigast av alt; han veit å bruke den. Gir alltid alt og vil vinna duellar og fotballkampar. Dette er eigenskapar som Fjøra har stor bruk for og vil ha nytte av.
Me er glade for å få Lunde inn i Fjøra og ynskjer han hjarteleg velkomen til klubben.