[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Til minne om Ola

Forfatter: Fjøra FK

10. juli 2013

Fotball
News article image

.

Det vart ei trist og uverkeleg opning på sommarpausen for alle med tilknyting til Fjøra FK, då Fjøraspelar Ola Egge Ødegaard den 28.juni omkom i ei tragisk arbeidsulykke ved eit miljøanlegg på Voss. Ola kom til Fjøra frå Voss hausten 2010 og har i alle desse tre åra vist seg som ein pliktoppfyllande bidragsytar det har vore ein fornøyelse og samarbeidd med. Alltid til stades hundre prosent, og ein person som glei fint inn i Fjøramiljøet frå starten av. På bana var det alltid 110 prosent innsats, og hans gode utholdenhet og stå-på-vilje gjorde at han alltid var å rekna med i samtlege 90 minutt. Sjølv om han ikkje var av dei høgaste, hadde han ein enorm spenst og timing som gjorde at han også matcha dei fleste i luftrommet. Ein svært anvendeleg spelar med god speleforståing, som ofte enda opp i ein posisjon som kanskje ikkje var hans beste eller hans favorittposisjon.

Utanfor bana var Ola ein roleg og sindig type, som aldri hadde noko vondt å sei om nokon. Ein av få gonger me hugsar han litt irritert og med heva stemme, var då ein Liverpoolsupportar (som og er klubbens formann) kom med litt vel mykje kritikk av laget hans, Manchester United. «No må du klappe igjen, for dette har du ikkje peiling på,» kom det kontant frå Ola :)

Også Ola sine foreldre har vorte ein fin del av Fjøramiljøet. Ola sin far, Per Kristian, er nok den som har vore på flest Fjørakampar siste to-tre åra, då han så ofte han kunne tok turen frå Voss for å sjå Ola og Fjøra i aksjon. I det som dessverre vart Ola sin siste Fjørakamp, borte mot Førde 2 26.juni, var både far og mor til stades som tilskodarar.

Ola vart fødd 21.august 1991 og rakk altså ikkje bli meir enn i underkant av 22 år. Så meiningslaust og urettferdig kan livet vera. Me sit att med mange gode minner om ein god gut me er glade for å ha blitt kjent med. Våre tankar går til Ola sine foreldre, Per Kristian og Astrid, hans to brødre og alle andre som var så heldige å lære han og kjenne.

Ola vart gravlagt frå Vangskyrkja på Voss tysdag 9.juli.

Takk for gode minner, Ola!

Fjøra FK