[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Vinnarar av dei siste tre reisegavekorta

Forfatter: Fjøra FK

26. september 2015

Fotball
News article image

Vann du ikkje i år så fortvil ikkje, i februar/mars er det ny sjanse til å kjøpa sponsorkontraktar og bli med i 12 trekningar i 2016

Fjørakontrakt eller sponsorbevis som det også vert kalla er ei viktig inntektskjelde for Fjøra FK. Ideen til denne inntektskjelda var det Jenny Andersen som kom opp med på ein årsfest i Fjøra grytidleg på 1990-talet. Ho oppdaga denne formen for sponsing frå eit lokalt lag på austlandet og lufta dette for Fjøra. Sjølv om det var ein viss skepsis til ideen, så vart det bestemt at klubben skulle prøva å setja den ut i live sesongen 1992. Det vart ein stor suksess. Bygdafolket (og andre) har frå dag ein støtta opp om tiltaket.

Det vert selt maksimalt 420 kontraktar per år og prisen for ein kontrakt er 1 krone per rentedag, det vil seie at det kostar 360 kroner for 1 kontrakt. Det vert trekt ut ein vinnar for kvar månad og den heldige vinn eit reisegåvekort pålydande 4.000 kroner frå Travelnet Sogn og Fjordane. Normalt sett skjer trekninga på Fjøra sine heimekampar og det vert trekt ut 3 vinnarar i slengen. Vinnarane vil få tilsendt gavekortet i løpet av kort tid.

Vinnarane for oktober, november og desember vart trekte under kampen mot Dale, og dei heldige vinnarane vart Joar Solberg Trafikkskule (Joar ekstra heldig med gevinst på to av sine tre kjøpte kontraktar), Alf Dyrdal og Frank Flåten, me gratulerer!

Januar               Roy Wiborg                       

Februar              Drude Buene Hagen

Mars                 Jan Rune Årøy

April                  Jan Arild Jakobsen                     

Mai                   Malin Fimreite

Juni                  Joar Solberg Trafikkskule    

Juli                   Oddrun Bø Bolset               

August              Helge Resaland  

September         Liv Meland

Oktober             Joar Solberg Trafikkskule    

November          Alf Dyrdal

Desember          Frank Flåten