Førde 2 - Fjøra 5-3
Forfatter: Fjøra FK
27. juni 2015
Nokre ord om kampen som var på mandag samt oppsummering og statistikk etter halvspelt serie
Foto: Stig Høynes (haugenfotball.no)
Førde 2, med Hanssen, Laugsand, Holm, Spurkeland og Kvalvågnes frå førstelaget vart for sterke for Fjøra i toppkampen i Førde sist måndag. Men det var Fjøra og Sindre Rørvik som fann vegen til nettmaskene først, med to kjappe scoringar etter 17 og 18 minutt. Berre eit par minutt etterpå reduserte Førde 2 ved Kvalvågnes og pressa vidare på for utlikning. Resultatet 2-1 heldt seg til pause, men kun 3 minutt ut i andre omgang utlikna Oskar Roti for Førde 2 før Rørvik igjen var frampå etter om lag timen og gav Fjøra 3-2. Hattrick for Rørvik og det såg dermed ut som Fjøra skulle komme godt ut av ein vanskeleg bortekamp.
Fjøra forsvarte seg lenge godt men vart litt for djupe og sleit etter kvart ein del med Førde sin gode venstrekant, Eirik Lund Holm. Dette gav Førde 2 ei rekke innleggsmuligheiter og fleire av måla deira kom også på denne måten. Ti minutt før slutt klarte ikkje Fjøra å holde unna lenger og Sondre Laugsand utlikna til 3-3 og fem minutt seinare gav nemnte Holm Førde leiinga for første gang i kampen. Fjøra satsa alt framover på slutten, men måtte skuffa sjå at Holm på overtid punkterte kampen til 5-3.
Ein særs underholdande kamp for publikum, der Førde 2 står løpet best. Fjøra leia lenge både 2-1 og 3-2 og me er derfor skuffa over at me ikkje klarer å holde unna lenge nok til å få med oss minst eitt poeng. Skuffande var det også at me slepp inn heile fem mål etter å ha vore bunnsolide defensivt i heile år med kun sju baklengs på dei ti første kampane, men me er fortsatt det laget med minst mål i mot så det skal me ta med oss inn i haustsesongen. Me møtte eit godt Førdelag og denne gangen bikka det ikkje vår veg, men positivt at Rørvik fekk seg tre pinnar etter nokre kampar med stang ut.
Endå meir positivt for Fjøra og Sindre Rørvik er det at seinare i veka gav Tornado vekk to poeng mot Høyang medan Førde 2 tapte 1-0 mot Sandane. Fjøra toppar dermed framleis fjerdedivisjon, to poeng framfor Førde 2 og fem poeng framfor Tornado og Sogndal 3. Førde 2 har ein kamp mindre enn dei andre laga då dei møter Dale i Fjaler på tysdag så førdianarane kan dermed ta sommarferie på tabelltopp med seier i den kampen.
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Mandag 22.06 kl 19:00
Arena: Hafstadparken
Turnering: Seriekamp
Dommar: Andreas Sandal
Førde 2 – Fjøra 5-3 (1-2)
0-1 15 min Sindre Rørvik (Daniel Fylling)
0-2 17 min Sindre Rørvik (Mats Nondal)
1-2 20 min Daniel Kvalvågnes
2-2 48 min Oskar Roti
2-3 61 min Sindre Rørvik (Knut Ripe)
3-3 80 min Sondre Laugsand
4-3 85 min Eirik Lund Holm
5-3 90 min Eirik Lund Holm
Gult kort: Olve Øvstetun, Gøran Wigum, Per Eirik Lunde
Fjøra (4-2-3-1):
Andreas Horvei
--------------------
Knut Ripe
Per Eirik Lunde
Gøran Wigum
Olve Øvstetun
--------------------
Steffen Olsen
Ole Martin Bolset
--------------------
Håvard Lilletvedt (Erik Fossnes frå 77.)
Daniel Fylling (Stian Solberg frå 83.)
Mats Nondal
--------------------
Sindre Rørvik
Statistikk etter halvspelt sesong for Fjøraspelarane:
| Navn: | Mål-poeng | Mål | Assist | Gult | Raudt | Minutt | Kampar spelt | Antal 90-min |
| Anders Hjeltnes | 11 | 8 | 3 | 0 | 898 | 10 | 8 | |
| Sindre Rørvik | 10 | 5 | 5 | 0 | 982 | 11 | 9 | |
| Steffen Olsen | 4 | 2 | 2 | 1 | 726 | 9 | 6 | |
| Gøran Wigum | 4 | 3 | 1 | 2 | 1 | 844 | 10 | 7 |
| Håvard T Lilletvedt | 4 | 0 | 4 | 0 | 509 | 8 | 2 | |
| Knut Øystein Ripe | 2 | 0 | 2 | 0 | 718 | 10 | 7 | |
| Mats Nondal | 2 | 0 | 2 | 0 | 652 | 9 | 2 | |
| Ole Martin Bolset | 2 | 0 | 2 | 0 | 628 | 7 | 6 | |
| Ole Morten Kvam | 2 | 2 | 0 | 0 | 351 | 5 | 2 | |
| Arild Underdal | 2 | 2 | 0 | 1 | 341 | 8 | 0 | |
| Sjølvmål | 2 | 2 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | |
| Per Eirik Lunde | 1 | 0 | 1 | 2 | 691 | 9 | 5 | |
| Olve Øvstetun | 1 | 0 | 1 | 1 | 190 | 3 | 2 | |
| Sindre Sanden | 1 | 1 | 0 | 0 | 154 | 3 | 1 | |
| Victor Aguiar | 1 | 0 | 1 | 0 | 136 | 7 | 0 | |
| Daniel Fylling | 2 | 1 | 1 | 0 | 131 | 2 | 0 | |
| Torbjørn Ylvisåker | 0 | 0 | 0 | 1 | 647 | 8 | 6 | |
| Andreas Horvei | 0 | 0 | 0 | 0 | 539 | 6 | 5 | |
| Espen Staff | 0 | 0 | 0 | 0 | 450 | 5 | 5 | |
| Elias Saltnes | 0 | 0 | 0 | 1 | 447 | 7 | 4 | |
| Erik Loftesnes | 0 | 0 | 0 | 1 | 400 | 9 | 2 | |
| Erik Fossnes | 0 | 0 | 0 | 0 | 394 | 9 | 3 | |
| Tommy Øren | 0 | 0 | 0 | 0 | 20 | 1 | 0 | |
| Stian Solberg | 0 | 0 | 0 | 0 | 17 | 2 | 0 | |
| Brede Haukereid | 0 | 0 | 0 | 0 | 1 | 1 | 0 |