[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra slo Høyang

Forfatter: Jan Fuglesteg

31. august 2012

Fotball
News article image

Fjøra hadde få problem med å setja på plass Høyang i kveldens kamp på Sogndal stadion. Fjøra brente mange sjansar, men kunne til slutt gå av bana som sigersherrar etter å ha vunne 3-1.

   
Fjøra tok tak i kampen frå første spark og skapte fleire gode sjansar utan å greia å sette ballen i mål. Eller det vil seie, etter 12 minuttar hamna ballen i Høyangburet, men det vart annulert for offside.

Etter Fjøra si solide opning roa kampen seg litt utover omgangen og gjestane frå Høyanger kom litt meir med i kampen.

Men etter 26 minuttar så gjekk Fjøra opp ei ei heilt fortent leiing då Kenneth Nondal sette ballen i mål etter målgivande av Daniel Fylling. Fylling slo ein lang tversoverpasning mot Nondal som han tok godt vare på. Nondal drog seg forbi Høyang sin back og murte ballen i mål frå skrått hald. Flott prestasjon.

Knappe ti minuttar før pause hadde så Høyang eit skot som gjekk like til sides for Fjøramålet. Den sjansen fekk gjestane som følgje av ein feilpasning i ugustig posisjon, brot av Høyang og avslutning som snissa stolpen.

Etter 39 minuttar hadde Fjøra ein dobbelsjanse, men avslutningane frå ein meters hald ville ikkje over streken. I staden gjekk Høyang i angrep og vann corner. Den corneren var Kristoffer Kalstad sistemann på då han nikka ballen i mål frå bakerste stolpe.

Fleire mål vart det ikkje i 1. omgang og laga tok pause med kvart sitt mål i protokollen. Det hadde nok gjestane Høyang best grunn til å vera nøgd med.

Fjøra gjorde tre byter i pausen og inn kom både Ole Morten Kvam og Knut Ola Høvik. Og det var desse to som sytte for at Fjøra på nytt gjekk opp i føringa. Knut Ola Høvik slo ein presis corner som Ole Morten Kvam nikka i mål.

Fjøra hadde mange dødballar i form av cornerar utover i 2. omgang, men greidde ikkje å trykke ballen i mål. Når ein berre leiar med eitt mål så er det alltid ein viss fare for at det andre laget skal greia å ulikne. Det skal berre ein dødball eller ei konring til så kan det vera utslagsgivande i baklengsmål. Difor var der viktig at Arild Lunde Underdal sette ballen i mål frå 11-metersmerkjet så Fjøra fekk straffe etter 80 minuttars spel. Underdal sette ballen i hjørna og keeper Bjørge Kvam valgte å slenga seg i det andre. Då vert det mål.

Fleire mål vart det ikkje i denne kampen sjølv om Fjøra burde ha putta fleire mål spesielt i 2. omgang då dei var det klart beste laget.

Trenar Kjell Ertesvåg har sendt oss følgjande kommentar frå kveldens kamp:

" Me starta kampen veldig bra, og skapar sjansar frå starten av, ballen treff keeper, stang ut, og ball går utanfor. Midtvegs i omgangen får me endeleg utteljing med skåringa til Kenneth. Etter dette sluttar me med det enkle med ball, og me  "juksar" deffansivt. Dermed slepp me Høyang inn i kampen. Dette utnyttar dei og utliknar til 1-1 før pause. I 2. omgang er det eit bestemt Fjøralag som tek tak i kampen, og Ole Morten sender oss i 2-1 leiing. Etter dette har me god kontroll, skapar sjansar, men slit med utteljinga til Arild skårar 3-1 på straffe.

Kampen syner oss at me må ha høg arbeidsmoral i samtlege minutt, har me det er me betre enn dei fleste lag i divisjonen. Slepp me oss ned 10%, så er me på samme nivå som dei fleste. Me møter mange lag som kjempar for å overleve i divisjonen, dei møter oss med god organisering og høg arbeidsmoral. Då må me møte dei med samme arbeidsmoral. I dag slurva me i 20 minutt, det var nok til at Høyang hang med til pause. Det er og ein tryggleik å sjå breidden og kvaliteten i stallen. I dag gjorde me 3 byter i pausen, dei tok tak kampen og bidrog positivt i 2. omgang.

Debutant Anders Lunde Hjeltnes presterte godt i omgangen han spelte, og synte at han vert viktig for oss utover hausten. "


KAMPFAKTA

Fjøra FK - IL Høyang  3-1 (1-1)

Mål
1-0, Kenneth Nondal, 26 min
1-1, Kristoffer Kalstad, 40 min
2-1, Ole Morten Kvam, 50 min
3-1, Arild Underdal, 80 min (str.)

Gult kort
Ingen

Tilskodarar
50 stk

Domartrio
Bjørn Egil Sunde, Anga FK. Assistentar: Jarle Andersen, Syril IL og Vegar Rørvik, Kaupanger IL.

Fjøra (4-2-3-1): Bjarte Hovland - Jørn Kvalvik, Torbjørn Ylvisåker, Vegard Fardal Nes, Roger Hjellhaug - Daniel Fylling (Anders Hjeltnes frå 46. min), Ola Egge Ødegaard (Ole Morten Kvam frå 46. min) - Kenneth Nondal, Mats Nondal (Per Eirik Lunde frå 79. min, Håvard Lilletveit (Knut Ola Høvik frå 46. min) - Arild Underdal

Høyang (4-4-2): Bjørge Kvam - André Valsvik, Robert Alrek, Robert Kjønås (Sander Olsen frå 83. min), Mathias Nese - Kristoffer Kalstad (Joakim Måren frå 89. min), Sjur Gjeraker, Jørn Lund, Eirik Haukøy - Tommy Værøy (Svein Inge Bergseth frå 77. min) og Vegard Lambrechts (Thomas Tonning frå 90. min)