Årsfesten vel i havn
Forfatter: Jan Fuglesteg
14. desember 2011
For nesten 3 veker sidan gjekk den årvisse Fjørafesten av stabelen ved Quality Hotel Sogndal.
Sjølv om det vart nedrykk denne sesongen så var stemninga toppers. Tradisjonen tru vart det delt ut ei rekkje utmerkingar. Men først etter at festlyden hadde innteke god mat og drikke.
Me skal først og fremst konsentrere oss om å fortelje kven som fekk prisar og utmerkingar for sin innsats i 2011.
Først fram på podiet var Per Barsnes, Vidar Vadseth og Kåre Selseng som fekk blomar for sin innsats i klubben. Per for sin innsats som nestleiar og oppmann, og Vidar og Kåre for sitt styrearbeid dei siste åra. Alle tre har signalisert at dei gir seg i styret, men Per fortset som oppmann i 2012.
Fjøra er den klubben med flest domarar i Sogn. Heil tre domarar i Asbjørn Kjetil Grinde Håre, Tor Henning Mardal og Yngve Haakonsen. Yngve Håkonsen hadde med ei påskjøning frå SFFK. At ein så liten klubb som Fjøra har så mange domarar er me særs nøgde med, spesielt når ein tenkjer på at det er ein viss domarmangel i fylket.
Så var det klart for å gi ein oppmerksomheit til dei som har runda eit rundt tal obligatoriske kampar for Fjøra. Desse var:
Roger Hjellhaug - 50 kampar
Leif Kvamme Lysne - 50 kampar
Jens-Ivar Nilsen - 100 kampar
Arild Underdal stoppa på 199 kampar etter denne sesongen og han lyt nok ta ein sesong til om han skal koma inn i den eksklusive 200-kamparseliten.
Elles fekk handballjentene 20 stk handballar sponsa av TV2.
Årets supporter gjekk til Per Egge Ødegaard. Han har vore tilstades på dei aller fleste Fjørakampar denne sesongen, borte som heime. Ola Egge Ødegaard tok på vegne av far sin i mot ei flask kunjakk og frikort til Fjøra sine heimekampar for sesongen 2012. Me håpar at det vert nytta flittig i 2012.
Per Barsnes måtte opp på nytt då han fekk ei flaske kunjakk for sin meget solide og nøyaktige jobb over lang tid i klubben. Me tør påstå at det er langt mellom slike oppmann i dette landet. Perfeksjonist til 1000. Også Terje Kvåle fekk edle dråpar for sin lange og tru teneste i klubben. Aldri eit nei der i gården. Vel fortent kara!
Som kjent sluttar begge trenarane etter denne sesongen og dei fekk stående applaus frå festlyden. Dei fekk blomar og ei lita ekstra påskjøning. Begge heldt kvar sin tale. Me takkar for den solide innsatsen til både Bjørn og Jan Rune.
Årets toppscorar vart Kenneth Nondal som til slutt enda på 17 obligatoriske mål. Han putta 15 i serien og 2 i cupen. For denne prestasjonen fekk han ein vase samt ein sigar av beste cubansk handtverk.
Kveldens siste pris, og sportsleg sett den gjevaste, var årets spelar. Ikkje uventa var det Leif Kvamme Lysne som til ståande applaus mottok statuetten for årets spelar i 2011. Juryen hadde følgjande grunngjeving:
Årets spelar har i år helde eit stabilt høgt nivå gjennom heile sesongen både på kamp og trening. Vedkommande kan utanfor bana ofte virke litt uengasjert og vel avslappa, men i kamp er han alltid 100% skjerpa, og leverer alltid varene. Potensialet har det aldri vore tvil om. Dette i saman med enorm vilje og satsing har gjort at han har hatt ei bratt utvikling i sine år i Fjøra. Til tross for sin unge alder, har vedkommande vist prestasjonar av ypperste klasse og fleire gonger stått fram som laget’s klare einar. I tillegg til å vera ein kjempekar, og godt likt av alle, har hans målretta satsing vist at det og går an å lukkast i ein klubb som Fjøra. Det einaste som kanskje kan stoppa han i å nå heilt til topps er hans store lidenskap for ”Burger”. At hans målbevsiste satsing og gode prestasjonar no har ført til at han fått seg tippeligakontrakt er noko alle i Fjøra er stolte. Lukke til vidare."
Heile seansen vart på framifrå vis leia av dei to konfraniserane Tor Henning Mardal og Tom Wolff Navarsete. Det var vitsing og moro imellom dei ulike påskjøningane og folk kosa seg dugeleg.
Ei lita julenøtt må me også ta med: Det var 50 deltakarar på årsfesten, men bestilt 51 juletalerknar. Kven fekk den siste trur de? Ikkje den einklaste dette.
Etter dette kosa folk seg utover kvelden og gjorde sitt til at markeringa av sesongen som vanleg vart ei flott oppleving.