[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Innaføringadn og Skroftsedn vinnar av KL 2013

Forfatter: Fjøra FK

24. november 2013

Fotball
News article image

Bilder og finalefakta frå årets turnering

Skroftsedn drog det lengste strået i damefinalen og vann til slutt 1-0 over Ninjas etter ein flott scoring av Vårin Ness. Beste spelar i dameklassen fann me og på vinnarlaget, Kari Holen Loftesnes.

I herreklassen vart finalen endå jamnare og det stod 1-1 etter ordinær tid mellom Leite Mix og Innaføringadn. Dermed sudden death med 3 mot 3 og der avgjorde etter kvart Vegard Ruud for Innaføringadn med eit av sine mange mål i turneringa. Beste spelar i herreklassen vart Frode Kvåle på Leite Mix.

Me gratulerer Skroftsedn og Innaføringadn med seieren, og reknar med det vart feira til langt utpå kveld/natt...

 

Beste damespelar, Kari Holen Loftesnes

Skroftsedn vinnar av dameklassen for andre gong

Andreplass i dameklassen til Ninjas

Innaføringadn sin første seier i Kjempenes Liga

Beste herrespelar, Frode Kvåle

Frode strekker ut hånda for å takka, men her var det dårleg med respons :)

Leite Mix tapte ein jamn finale