Fyllings Hörna Eid-Fjøra
Forfatter: Fjøra FK
14. juni 2013
Børsen fra kampen i går er no klar
Børs Eid – Fjøra FK (1-1), 13.06.2013
Regntung børs fra Eidkampen.
XI:
Håvard Bøyum – 5
Sikker i klypene i det meste han foretek seg, viktig på det våte underlaget. Kunne kanskje voreheldigare på 1-1 målet, men for det meste solid.
Ola Ødegård– 6/7
Etter eit par kampar som back kan det verke som Ola ikkje har gjort anna i heile sitt liv. Har ein latterleg god løpskapasitet og posisjonerer seg for det meste bra. Finfin assist på 1-0! Kunne avgjort etter eit kjemperaid på slutten.
«Tåbben» (Fjøra’s Beste) - 7
I dag såg vi kanskje meir av den mykje omtala formen til Tobbe. Var verkeleg kampens 1-ar i dag og har mange viktige inngripningar, då spesielt på slutten. Veldig viktig mann å ha i forsvar i dag. Takla til 20 i stil! =)
P.E.L - 6/7
Kasta inn ettersom Fnes meldte avbud på kampdagen og gjer ein heilhjerta innsats som vanleg. Mange gode taklingar som får opp gnisten i laget. Er óg blitt flinkare til å snakke medspelarane gode. Fortsett slik!
Kristian Nornes – 6
Som høgrebeint er det ikkje lett og spele venstraback, men tykkjer Kristian løyser denna oppgava godt i dag. Tok seg verkeleg opp etter pause då han braut foran ved fleire høve.
Øystein Wilkensen – 6/7
Mykje rom å dekke i denne kampen for Wilko, men tykkjer verkeleg han var ein av dei som stod fram i 2.omgang då det butta litt imot. Står til og med kampen ut og er under mistanke om tjuvtrening på fritida!
Olve Øvstetun – 6/7
Litt ute av posisjon defensivt før pause, men tok seg verkeleg opp i 2.omgang og er ein av dei som klarer og halde ballen i laget. Viser god speleforståelse og innsats!
Knut Høvik– 5/6
Hengande spissrolle i dag, men blir litt lite nytta på det vanskelege underlaget. Hadde, som ein del andre, kanskje litt glatte sko! Innsatsen var det derimot ingenting og sei på, framifrå!
Håvard Lilletvedt – 5
Er nok bedre på høgre enn på venstre, som han spele i dag, men er óg ein av dei som er under mistanke om tjuvtrening. Har fått ein god motor og ditto arbeidsinnsats, sjølv om ballen ikkje alltid trilla rett veg i dag.
Ørjan Hjellhaug – 5
Hadde nesten verdensrekord i antall måtar ein kan miste fotfeste på i 1.omgang, men var fortsatt ein trussel i bakrommet. Litt mykje nesten i dag på det glatte føret.
Daniel Fylling - 5/6
Ein småsjuk Fylling jobba godt i den omgangen han orka og spele. Vinn ein del duellar og viser musklar i duellspelet. God avslutning som sendte Fjøra i leiinga
Innbyttarar:
Magnus Hunemo (58 min.) – 6/7
Leverer bra uansett kor han blir plassert på bana. God til å bruke ballen, og er nesten åleine gjennom då han vert sparka ned av Balsnes. Veldig bra innhopp.
Stian Solberg (70.min) – 5/6
Fortsett comebacket i stor stil. Gode valg med ball og nesten ein fantastisk assist på slutten. Øva meir på frispark!=)
Arild Underdal (80 min.) – 5
Kjente nok fortsatt litt til strekken, men kunne vorte matchvinnar rett før slutt. Gode valg med ball.
Pauseunderhaldning:
Altfor mykje regn i Eid!