[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Sandane 4-0

Forfatter: Fjøra FK

19. september 2015

Fotball
News article image

Fjøra er tilbake i 3.divisjon!

Fjøra gjorde jobben og vann fullt fortjent 4-0 over Sandane på Campus fredag kveld. Dette betyr at Fjøra, etter fire år i fjerde divisjon, igjen er klar for spel i tredje divisjon.

Fjøra åpna klart best og gjekk fortjent opp i leiinga alt etter ti minutt etter scoring av målgarantist Mathias Flo. Flo breidsida ballen i krysset etter eit innlegg frå assistgarantist Eirik Kristoffersen. Siste halvtimen skjedde det lite i kampen, det var noko dødt og tafatt over begge lag. Utover i andre omgang vart det litt meir trykk i Fjøra og alt seks minuttar etter pause stod det 2-0. Kees gjer ein strålande jobb på vår høgreside og finn Erik Loftesnes, som scorar sitt tredje mål på fire kampar. Ein ny målgarantist i Fjøra? Berre minuttet etter stod det 3-0 då venstrefoten til Kristoffersen fann Mathias Flo i bakrom. Åleine med keeper misser Flo sjeldan og opprykket var dermed så godt som sikra. 20 minutt før slutt fastsette Panser-Lunde sluttresultatet til 4-0 og dei langvegsreisande eks-Fjøraspelarane Staff og Lilletvedt kunne dermed spretta champagnen og starta feiringa.

Etter ein jamn vårsesong, der både Førde 2 og Tornado hang etter Fjøra som eit slips på tabellen, har det i haust aldri vore nokon tvil om kven som fortjente å rykka opp. Tornado og Førde 2 har gått på den eine smellen etter den andre medan Fjøra har gått frå seier til seier, knapt utan å sleppa inn mål. Sentrale spelarar som forsvann i sommar er blitt erstatta av nye sentrale spelarar takka vera ein god dialog med Marius og Eirik i Sogndal. Spesielt Mathias Flo og Eirik Kristoffersen har vore sterkt involvert i det offensive spelet til Fjøra, så også i dag der Mathias får to nye mål og Eirik to nye assist og ein tredjesist. På 13 kampar (7 for Fjøra og 6 for SIL3) er no Mathias oppe i 22 mål medan Eirik har ni assist på sju kampar for Fjøra (+ to mål og ni assist på ni kampar for SIL3). I tillegg skal det nemnast at unge Kristoffersen ofte også er tredje sist med sine presise og farlege dødballar. Defensivt har Fjøra framstått solide i heile år, og det er ein viktig plattform å bygga vidare på når motstanden vert atskillig betre.

Me gratulerer oss sjølv med opprykket og rettar ein stor takk til Eilert Brox Holme som inviterte heile gjengen på opprykksfest! Me set også stor pris på at eks-Fjøraspelarane Espen Staff og Håvard Lilletvedt tok turen heilt frå Oslo og Kristiansand for å vera med på feiringa. Det var ingen garanti for at Fjøra skulle slå eit godt Sandanelag men dei tok turen likevel, noko som vitnar om eit stort engasjement for klubben. No gjenstår fire kampar som skal vinnast før jobben inn mot neste år startar. Det vert ein heilt annan kvardag med kampar utanfor fylket, både med tanke på reiseavstand, økonomi og sportsleg, noko det velfungerande styret til Fjøra alt er godt i gang å jobba med.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 18.09 kl 19:00

Arena: Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Brede Nymark

Fjøra – Sandane 4-0 (1-0)

1-0    10 min Mathias Flo (Eirik Kristoffersen)

2-0    51 min Erik Loftesnes (Kees Erstad)

3-0    52 min Mathias Flo (Eirik Kristoffersen)

4-0    72 min Per Eirik Lunde (Gøran Wigum)

Gult kort: Per Eirik Lunde

Fjøra (4-3-3):

Håvar Mjelleli (Geir Stenehjem frå 84.)

-----------------------------------

Erik Fossnes (Ole Marius Solberg frå 84.)

Per Eirik Lunde

Knut Ripe (Elias Saltnes fra 79.)

Eirik Kristoffersen

-----------------------------------

Kees Erstad (Kristoffer Møvik fra 59.)

Gøran Wigum

Steffen Olsen

----------------------------------

Erik Loftesnes (Ole Martin Bolset fra 70.)

Mathias Flo

Mats Nondal (Stian Solberg fra 79.)

Foto: Morten Sortland/Sogn Avis