Anders Hjeltnes toppscorar i 4.divisjon
Forfatter: Fjøra FK
12. oktober 2014
Fjøra tapte siste kamp mot Førde 2 men kunne gleda seg over at Hjeltnes enda som divisjonens toppscorar med 22 mål
Foto: Stig Høynes
Fjøra tapte årets siste seriekamp med 2-4 for Førde 2. Første halvtimen var Fjøra det klart beste laget og burde leda, men i staden var det Førde 2 som gjekk opp i leiinga og herfra og ut var kampen relativt jamn. Førde 2 utnytta overgangane best og tok dermed alle poenga.
Me seier oss godt fornøgd med andreplass i årets sesong bak suverene Florø 2. Prestasjonane har stort sett vore bra i heile år, men like viktig er det at det har vore eit flott engasjement i spelargruppa og me er svært tilfreds med måten spelarane har bidrege på i årets sesong.
Sjølv om me ikkje kan gleda oss over tre poeng i siste kamp, kan me applaudera Anders Hjeltnes som toppscorar i fjerdedivisjon med 22 mål. Som Hjeltnes sa før kampen i dag; « I dag er ikkje det viktigaste å vinna men at eg vert toppscorar» Og det vart han med sine to mål i dag, men Hjeltnes må dela toppscorartittelen med Fredrik Flo som også noterte seg for 22 mål. Sindre Rørvik og Thomas Frichsen enda begge på 20 mål. Sterk prestasjon av Hjeltnes som stort sett har spelt kant i Fjøra sitt 4-3-3 system. Hjeltnes var også den einaste Fjøraspelaren som spelte samtlege minutt i årets serie, mens nestemann på lista var Espen Staff som spelte alt unntatt dei to siste kampane
Bonus:
3 – Steffen Olsen
2 – Anders Hjeltnes
1 – Ole Martin Bolset
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Søndag 12.10 kl 15:00
Arena: Campus kunstgras
Turnering: Seriekamp
Dommar: Bjørn Egil Sunde
Fjøra – Førde 2 2-4 (0-1)
0-1 36 min Bernt Norevik
0-2 56 min Sondre Sandvoll
1-2 67 min Anders Hjeltnes (Håvard Lilletvedt)
1-3 68 min Bernt Norevik
2-3 70 min Anders Hjeltnes (Ole Martin Bolset)
2-4 88 min Sindre Sandøy
Gult kort: Ingen
Fjøra (4-3-3):
Andreas Horvei- Håvard Lilletvedt, Per Eirik Lunde, Ole Morten Kvam (Torbjørn Ylvisåker frå 82.), Knut Ripe- Ole Martin Bolset, Steffen Olsen, Kees Erstad (Arild Underdal frå 75.)- Karlis Bremers (Victor Aguiar frå 63.), Anders Hjeltnes, Mats Nondal (Ørjan Vikum frå 63.)