[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjøra - Sandane 1-2

Forfatter: Fjøra FK

10. mai 2013

Fotball
News article image

Skuffande heimetap i ein kamp der Fjøra spelemessig var det beste laget

Fjøra åpna kampen bra og første 20 minuttane var Sandane knapt over på Fjøra sin halvdel. Spesielt på Fjøra si høgre side vart det skapt ein del farlegheiter, men innlegga vart litt for upresise og me fekk ikkje scoringa me var på jakt etter. Den farlegaste sjansen i denne perioden kom etter åtte minutt då Underdal flott la tilbake til Kenneth Nondal, men Nondal peisa ballen høgt over mål frå ca ti meter. Sandane på side skapte lite eller ingenting i første omgang, og Wiebrørne vart godt pakka inn av Fjøra sin solide stopparduo. Noko overraskande prøvde Sandane stort sett kun å slå ballen fram mot Ruben og Mads Wie og håpa på at desse skulle gjera ting på eiga hand. Om dette var Fjøra sin fortjeneste eller om det var planen til Sandane er uvisst.

Etter 41 minutt fekk Fjøra endeleg ballen i mål og gjekk opp i fortjent 1-0 leiing. Kenneth Nondal slo ein kort corner til Olve Øvstetun. Olve sin innsvingar fann pannebrasken til Per Eirik Lunde, men keeper fekk så vidt fista ballen vekk fra lengste hjørnet. På bakerste stolpe sto derimot Ole Marius Solberg og fekk heada ballen i mål. Kun to minutt seinare vart Ørjan Hjellhaug spelt nydeleg igjennom like over midtstreken, men på veg åleine mot målet til Sandane bles plutseleg domar Per Oddvar Lien frispark til Sandane i ein duell forut for gjennombruddspasningen. Lovleg sein reaksjon fra Lien der, og ein meget tvilsom avgjersle som øydela ein stor Fjørasjanse. Dermed gjekk laga til pause på stillingen 1-0 til Fjøra

Andre omgang var berre eit par minuttar gammal, då Kenneth Nondal finta Sandane sin back på ræva før han skar inn og avslutta godt, men Gimmestad fekk slått til corner. Like etter fekk Underdal ein enorm sjanse på veg åleine mot Sandane målet, men missa i mottaket. Så, etter 58 minutt, fekk Mads Wie sjansen sin og vips var det 1-1. Per Eirik Lunde jobba godt og vart med framover i forkant av målet. Det som da dessverre skjer er at ingen tek ansvar og fyller holet etter Per’n. Backane står breidt og dårleg kommunikasjon i Fjøralaget gjer at Wie vert spelt åleine gjennom mot Bøyum i Fjøramålet. Slike sjansar sløsar Wie sjeldant vekk og utlikninga var eit faktum. Etter dette dala tempoet i kampen litt, og det vart ein del nesten fra begge lag. Sandane var meir med no enn tidlegare i kampen, og me fekk eit par advarslar på at det fort kunne komme eit mål i mot på slutten. Og det kom dessverre…Innoverskrudd corner i det 89. minutt der me taper to duellar i boksen og Ingar Sårheim headar inn sigersmålet til Sandane.

Det er både skuffande og litt flatterande at me går av bana i denne kampen med null poeng, då me absolutt følte me var det beste laget på Campus. Spelemessig er me vesentleg bedre enn Sandane, men i dag var Sandane hakket vassare enn oss i motstandaren sin boks. Der me er unøyaktige og litt ukonsentrerte, tek Sandane godt vare på dei få sjansane dei får og vinn dermed kampen. Ufortjent eller ikkje, det er måla som tel i fotball og resultatet viser at me ikkje var gode nok i dag.

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Fredag 10.05.13 kl 19.00

Arena: Fosshaugane Campus

Turnering: Seriekamp

Dommar: Per Odvar Lien, Høyang.

Tilskodarar: ca 50

Fjøra - Sandane 1-2 (1-0)

1-0      41 min Ole Marius Solberg (Per Eirik Lunde)

1-1      58 min Mads Wie

1-2      89 min Ingar Sårheim

Gult kort: Øystein Wilkensen (Fjøra), Jutu Johnny (Sandane)

Fjøra (4-3-3):

Håvard Bøyum- Ola Ødegaard, Per Eirik Lunde, Ole Marius Solberg, Jørn Kvalvik- Olve Øvstetun, Øystein Wilkensen (Daniel Fylling fra 70.), Håvard Lilletvedt – Ørjan Hjellhaug (Mats Nondal fra  78.), Arild Underdal, Kenneth Nondal

Sandane:

Simon Gimmestad, Espen Sårheim, Martin Sivertsen, Ingar Sårheim, Håkon Schølberg, Jonas Denk, Andre Njøsen Norevik, Ruben Wie, Torgeir Apalseth, Romeo Jutu Johnny, Mads Wie