[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Fjørabloggen 2015

Forfatter: Fjøra FK

08. mars 2015

Fotball
News article image

Fjørabloggen del 4

Vi har fått tilsendt eit nytt blogginnlegg frå ein av strandsitjarane i Fjøra:

"Ved nokre høve kan ein fantasilaus Fjøra-bloggar ta seg i å drøyme om at han faktisk var Brann-spelar. Ikkje fordi at nivået naudsynt er så mykje høgare, at dialekta er noko finare eller at draktene har ein finare raudfarge. For det er det ikkje! Men kor lett hadde det ikkje vore å referere frå ei slik evig sirkusførestilling.

For vår del skal Fjøra gjennomføre årsmøte førstkommande onsdag. Ved å undersøke kulissane kring styrerommet i Fjøra hadde sensasjons-jegeren i meg håp om å enten kunne avdekke eit gryande kupp på årsmøtet, presentere interne grupperingar og posisjoneringar, eller i det minste å kunne avsløre at Arild og Eilert saman reiste på premieren til Fifty Shades of Grey (ikkje stadfesta rykte, som starta her og no). Diverre (heldigvis?) er det indre livet i sogneklubben langt ifrå så spanande.

Ei gledeleg nyhende for strandsitjarane er derimot at Knut Ripe truleg får komme inn som spelarrepresentant i styret. På direkte spørsmål til Tom om han kan komme til å trekkje seg frå styrevervet dersom Ripe kjem inn svarar han på høvisk vis at Ripe er hjarteleg velkommen. Lite fightervilje i Tom, altså. Strandsitjarane sitt første framlegg til endring av vedtekter var då naturleg nok at alle framtidige styresaker skal avgjerast ved handbak eller bryting mot Ripe.

Slik som dei fleste andre store klubbar nyttar Fjøra forsesongen til å reise ut frå dei vante heimlege fasilitetane for å møte klubben sin store fanskare ute i distriktet. Fjøra tok først turen til Årdal, og det å køyre innover dei mørke fjordane med høge og bratte grå fjellskråningar framtvang tilnærma like dystre følelsar som det Frodo og Sam hadde då dei tok seg inn i Mordor. Men "The flame of Årdal" er nedlagd av Norsk Hydro og vi vart i staden synt same gjestfridom som vi sjølv tok i mot dei med 3 veker før. Vi som veloppdregne "byfolk" forsynte oss likevel mindre frå kakefatet og nøgde oss med ein 1-2 siger. Årdal bør nok likevel heve seg noko til sesongen skal dei få høve til å tape mot oss i 3. divisjon i 2016.

Neste kamp var mot Eid, eit lag som, med utgangpunkt i treningskampane hittil, verkar så ustabile i prestasjonane at dei lett kan forvekslast med eit kvart vilkårleg Tippeligalag (med unntak av Molde). For strandsitjarane sin del hadde det lite å sei då vi sjølv ikkje var "på" og laget frå den tidlegare sirkusbygda fekk spasere inn ein 2-0 siger til lett applaus frå blaserte tilskodarar som nok endå saknar både Dumbo, sukkerspinn på tysdagar og kakekasting mellom austeuropeiske klovnar. For vår del var det endå meir skuffande å konstatere at heller ikkje ferjeturen vert eit høgdepunkt på reisene til Nordfjord seinare i sesongen, då Lote - Anda er ein av rutene der det ikkje lenger er mogeleg å kjøpe ferjesvele. Her er vi forøvrig heilt på linje med Kjellen.

Overgangsvindauget held på å smelle igjen, og med mindre Årøy har lagt fingrane i glaskarmen har dette vore ein smertefri og god oppleving for Fjøra i år. Ved neste innlegg er det difor på tide å ta for seg årets spelarstall. Snakkast bloggen!"

K