Prematch Høyang - Fjøra
Forfatter: Fjøra FK
29. august 2013
Runde 17 nærmar seg og her kjem rundens prematch
Det er klart for den 17. serierunden og Fjøra skal denne fredagen til Sletta og Høyanger i jakten på tre poeng. Etter ein god start på haustsesongen med tre strake sigrar, har det i dei to neste kun vorte eitt poeng og Fjøra bør derfor ta med seg tre poeng her for å henga med i tetsjiktet. Spelemessig har det tidvis vore bra også i desse to kampane, men med sju mål i mot vert det ikkje mykje poeng. Det har vore litt for ofte slik i år at me enten er gode framover eller solide bakover. Utfordringa vert å sy dette saman slik at me vert meir stabilt gode i begge endar av bana. Då vil også poenga renna jamt inn, og det håpar me dei gjer allereie i morgon mot Høyanger.
Me har hatt ei god treningsveke under bra ver- og baneforhold og skal gi jernet for at me har tre poeng i sekken når det ber avstad til Hylsete på sosialtur laurdag. Kampstart på Sletta fredag vert truleg kl 18.50 på grunn av fergetidene, så då er det berre å benka seg framfor firdaliven medan ein har Brann-Sogndal i bakgrunnen på TV’en.
Fjøra reiser utover fjorden med denne troppen: Håvard B, Roger H, Torbjørn Y, Per E L, Fredrik T, Jan Tore S, Vegard N, Ole Morten K, Knut Ola H, Daniel F, Anders H, Arild U, Kenneth N, Håvard L.
Til slutt ei lita vurdering av dei andre kampane:
Sandane – Dale
Vart spelt 6/8 og enda 6-0
Kauanger - Jølster
Viktig kamp for Kaupanger som er begynt å jakta på laga over seg på tabellen. Me trur på nye poeng til kaupingane og heimeseier. H
Florø 2 - Eid
Toppkamp der Florøværingane er i klart best form. Me trur Eid får det tøft her og at poenga vert verande igjen i Florø, H.
Skavøypoll- Balestrand (lørd)
Balestrand håplaust fortapt nedst på tabellen med sine 4 poeng. Skal vere grei heimesiger til Pollen om dei ikkje undervurderer balestrendingane, klar H.
Førde 2 – Sogndal 3 (tirsd)
Førde 2 har dabba kraftig av etter ferien, men her trur me dei tek 3 poeng, H.