[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Eid - Fjøra 2-5

Forfatter: Fjøra FK

16. mars 2016

Fotball
News article image

Etter ein litt treg start på kampen viste Fjøra seg fram frå si beste side i andre omgang og slo Eid 5-2 og er dermed klar for andre kvalikrunde i cupen 30.mars.

Foto: Stig Høynes, haugenfotball.no

Fjøra vann til slutt fullt fortjent 5-2 mot Eid men sleit med å komma i gang og Eid var det beste laget i første omgang. Høynes gav Eid ledelsen etter 18 minutt og Eid hadde spelet i store deler av omgangen utan å produsere altfor mange store sjansar. 25 minutt ut i omgangen pirka Mathias inn utlikningen litt mot spelets gang før Wigum stanga Fjøra i ledelsen ti minutt seinare. Fem minutt før pause utlikna Eid og 2-2 til pause der Fjøra ikkje leverte opp mot det nivået dei bør vera på.

Kloke ord av Ole Morten Kvam i pausen, litt endring av formasjon og ei heilt anna tenning i Fjøralaget i andreomgang gav sjansebonanza og tre mål til Fjøra. Først eit sjølvmål etter om lag timen før Espen Outzen la på til 4-2. Ti minutt før slutt punkterte Mathias Flo kampen med sin andre scoring og Fjøra er eit steg nærare første runde i cupen.

Stor forskjell på omgangane i dag og skryt til Fjøraspelarane som heva seg betrakteleg utover i kampen. Mens me ofte var på etterskot før pause, var me oppi ein kvar situasjon etter og gav aldri Eidspelarane rom og spela i.

Mykje spennande bilder fra kampen og garderoben kjem om kort tid på haugenfotball.no

KAMPFAKTA:

Kamptidspunkt: Onsdag 16.03 kl 19.00

Arena: Eid kunstgras

Turnering: NM 1.kvalikrunde

Dommar: Vegard Yndestad

Eid – Fjøra 2-5 (2-2)

1-0    18 min Høynes

1-1    25 min Mathias Flo (S.Olsen)

1-2    35 min Gøran Wigum (Eirik Kristoffersen)

2-2    40 min K. Lefdal

2-3    62 min Sjølvmål (Gøran Wigum)

2-4    70 min Espen Outzen (Mathias Flo)

2-5    80 min Mathias Flo (Eirik Kristoffersen)

Gult kort:  Steffen Olsen, Espen Outzen

Fjøra (4-4-2):

Leif Lysne

--------------------

Elias Saltnes

Per E Lunde

Knut Øystein Ripe

Eirik Kristoffersen

--------------------

Eirik Stedje

Steffen Olsen (Ole M Solberg fra 83.)

Gøran Wigum

Mats Nondal (Adrian Gjermundstad fra 87.)

--------------------

Espen Outzen

Mathias Flo