Prematch: Dale IL - Fjøra FK
Forfatter: Jan Fuglesteg
22. juni 2012
Fjøra tek turen til Sunnfjord i dag for å møta Dale på Dingemoen. Ein vanskeleg kamp mot eit lag som har lagt seg i botn av tabellen og som difor treng poeng. Me har ein sein og liten prematch klar.
Me har fått følgjande kommentar frå Kjell Ertesvåg framfor kveldens kamp:
" Då er me klar for Dale og Dingemoen i Arve Helle sitt rike. Me møter eit Dale-lag på full fart framover. Unggutane til Stian Neset er byrja å verte vaksne. Me opplevde siste 45 minutta mot SIL2 som ein opptur, og der fekk me stadfesta(nok ein gong) kva som er viktigast i fotball, innstilling og vilje til å ofre seg for klubben må ligge i botnen. Får me til det ikveld, så skal Dale få slite med oss. Me veit og då at det vil komme målsjansar, og då handlar det om å vere besluttsomme og effektive nok.
Me gler oss til kampen, og ser fram til god grasmatte på Dingemoen og ein fin midtsommarkveld i Fjaler. "
Kveldens tropp er:
Bjarte Hovland, Håvard Bøyum, Torbjørn Ylvisåker, Arild Underdal, Magnus Hunemo, Eivind Gjerald, Kay Henry Haugen, Kenneth Nondal, Johan Vorgaard, Ola Egge Ødegaard, Roger Hjellhaug, Vegard Fardal Nes Ole Morten Kvam og Espen Granlund
Dale er motstandar i kveld. Fjalerbuene har plassert seg på nest siste plass på tabellen, og har sålangt spelt til seg 4 poeng. Desse poenga har alle kome på heimebane og det var mot Kaupanger (3. serierunde) og mot Lærdal for 14 dagar sidan. Lærdal vart forøvrig feia av bana med heile 9-1 siger. Førre helg var det attende i kvardagen då dei rauk på eit 5-3 tap borte mot Balestrand. Eit bittert tap i følgje Dale si heimeside. Dersom ein ser litt på statistikken desse laga imellom så viser den følgjande når ein kun ser på seriekamper Fjøra har spelt mot Dale på Dingemoen: Fjøra - Dale 14 7-4-3 29-20. Dei siste to seriekampane på Dingemoen har Fjøra gått sigrande av bana, rett nok med knipne sigrar.
Gitt tabellposisjonen til Dale så er me heilt sikre på at dette vert alt anna enn ein lett kamp. Difor er det viktig at alle, mann alle er fullt ut skjerpa til denne kampen.
Me kjem ikkje til å overføra kampen live her på fjora.no. Me henviser til firda.no si liveteneste.