Fjøra - Tambarskjelvar 7-0
Forfatter: Fjøra FK
11. august 2015
Fjøra utklassa Tambarskjelvar på det nye kunstgraset på Campus
Foto: Stig Høynes/haugenfotball.no
Fjøra tok ein oppskriftsmessig seier og sin største for sesongen då Tambarskjelvar vart sendt heim med 7-0 i sekken. Fjøra hadde ball i minst 80% av tida og produserte tidleg i kampen nokre store sjansar men avslutningane vart for svake. Wigum heada over då han fekk gå opp åleine på ein corner, Nondal traff ikkje skikkeleg då han berre skulle breidside eit innlegg frå Trond Vegard Ripe i mål, Knut Ripe avslutta like utanfor stolpen, det same gjorde Håvard Stedje før Kristoffersen small ein ball i tverrliggaren og ned. Me nærma oss pause og i det førtiande minutt fekk endeleg Fjøra målet sitt då Steffen Olsen skaut via eit Tambarbein og i mål. Etter dette var det berre eit spørsmål om kor stor sigeren ville bli og minuttet før pause auka Wigum leiinga etter eit flott frispark frå Kristoffersen.
To mål opp til pause var ikkje eit mål for lite og i pausen vart det fokusert på litt meir trøkk på siste tredjedelen samt å vera fokuserte og konsentrerte defensivt. Fjøras Per Eirik Lunde måtte dessverre gi seg alt etter atten minutt i dag med skade i ankelen/leggen men hardhausen frå Leikanger blir nok neppe mange dagane vekke før han er klar til dyst igjen. Elias Saltnes erstatta Per’n på stopparplass og spelte ein god kamp og fekk med seg to assist også.
Utover i andre omgang gjorde Fjøra ein del byter og dei som kom inn viste at Fjøra har solid breidde i stallen sin no i haust. Fem minutt ut i omgangen scora Trond Vegard Ripe i debuten, etter flott forarbeid av ein annan debutant, Håvard Stedje, før det var tid for Mathias Flo og presentere seg. Han ville ikkje vere noko dårlegare i sin debut og putta like godt tre kjappe og ekte hattrick etter mål i det 57., 75. og 83. minutt. Også Underdal var nær scoring ved eit par anledningar, men han fekk ikkje nettkjenning denne gang, noko han slettes ikkje var fornøgd med og klaska i hendene i frustrasjon. På overtid stussa Elias Saltnes ein god corner frå Kristoffersen mot mål, keeper redda men Steffen var våken på returen og fekk pirka inn sitt andre og fastsette sluttresultatet til 7-0 til Fjøra.
Som tabellen også viser var det klasseforskjell på laga i dag og Fjøra burde hatt endå fleire mål om utteljinga hadde vore god. Ny kamp for Fjørene allereie på fredag, då det er bortekamp mot Sogndal 3. Kampen går på Campus kl 19 så du rekk akkurat heim i tide til Aston Villa-Man Utd kl 2045, vel møtt!
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Tysdag 11.08 kl 19:00
Arena: Campus
Turnering: Seriekamp
Dommar: Runar Hageland
Fjøra – Tambarskjelvar 7-0 (2-0)
1-0 40 min Steffen Olsen (Håvard Stedje)
2-0 44 min Gøran Wigum (Eirik Kristoffersen)
3-0 50 min Trond Vegard Ripe (Håvard Stedje)
4-0 57 min Mathias Flo (Steffen Olsen)
5-0 75 min Mathias Flo (Elias Saltnes)
6-0 83 min Mathias Flo (Kees Erstad)
7-0 90 min Steffen Olsen (Elias Saltnes)
Gult kort: Ingen
Fjøra (4-3-3):
Andreas Horvei
--------------------
Ole Martin Bolset (Kees Erstad frå 60.)
Per Eirik Lunde (Elias Saltnes frå 18.)
Knut Ripe (Erik Fossnes frå 67.)
Eirik Kristoffersen
--------------------
Steffen Olsen
Gøran Wigum
Håvard Stedje (Arild Underdal frå 60.)
--------------------
Trond Vegard Ripe (Erik Loftesnes frå 60.)
Mathias Flo
Mats Nondal (Ole Morten Kvam frå 46.)