Dale - Fjøra 0-4
Forfatter: Fjøra FK
24. september 2014
Overbevisande seier av Fjøra i bortemøtet mot Dale
Fjøra drog i land ein fullt fortjent seier borte mot Dale og gav seg ikkje før det stod 4-0 i målprotokollen. Det var ein jamn opning på kampen men etter Fjøra fekk 1-0 etter halvtimen var det aldri tvil om kvar sigeren ville havna. Einaste verkelege målsjansen til Dale kom etter eit feilaktig idømt straffespark halvvegs ut i andre omgang, men Staff avverga det med ein flott redning.
Fjøra sitt første mål kom etter flott forarbeid av Karlis før Hjeltnes fann Knut Ola som tuppa ballen i mål frå kort hold. Berre minuttet seinare spelte Karlis fram Hjeltnes som netta sikkert åleine med keeper og resultatet 2-0 stod seg til pause.
Andre omgang starta på best tenkeleg måte då Per Eirik heada eit hjørnespark frå Lilletvedt i mål etter kun eitt minutt. Midt i omgangen fekk Dale eit rart straffespark då ein Dalespiss regelrett spring ballen ut av hendene til Staff og over dødlinja. Men rettferdigheiten seira då Espen redda straffa med eit tigersprang. Utover i omgangen fekk Fjøra mange gode overgangar men først etter åtti minutt kom kampens siste mål og det var nok ein gang Hjeltnes som viser at han meiner alvor i kampen om toppscorartittelen i divisjonen. Og for eit mål det var. Espen set i gang med femmeter opp på Knut Ola-ned igjen på Ylvis og opp til Mats som har sprunge seg fri på midtbana- fin crossar frå Mats mot Karlis som passerer backen sin og finn Hjeltnes i boks. Hjeltnes brukar ein touch før han vakkert plasserer ballen i lengste hjørnet, kampens høgdepunkt og ein flott prestasjon med mange involverte.
God kamp av Fjøra sjølv om me til tider kan bli litt rolegare med ball. Me har stålkontroll defensivt og Dale har knapt ein einaste sjanse. Utover i kampen har me fleire gode kombinasjonar offensivt og med litt meir ro og presisjon kunne me fått fleire mål. Vanskeleg å trekke fram nokon i dag då heile laget fungerte veldig bra men dagens bonuspoeng er gitt til desse:
Bonus:
3 – Anders Hjeltnes
2 – Ole Martin Bolset
1 – Karlis Bremers
KAMPFAKTA:
Kamptidspunkt: Onsdag 24.09 kl 19:00
Arena: Dingemoen kunstgras
Turnering: Seriekamp
Dommar: Thor Kristian Svortevik
Dale – Fjøra 0-4 (0-2)
0-1 31 min Knut Ola Høvik (Anders Hjeltnes)
0-2 32 min Anders Hjeltnes (Karlis Bremers)
0-3 46 min Per Eirik Lunde (Håvard Lilletvedt)
0-4 80 min Anders Hjeltnes (Karlis Bremers)
Gult kort: Ingen
Fjøra (4-3-3):
Espen Staff- Ole Morten Kvam, Per Eirik Lunde, Torbjørn Ylvisåker, Knut Ripe- Ole Martin Bolset, Knut Ola Høvik, Kees Erstad (Victor Aguiar frå 73.)- Karlis Bremers (Arild Underdal frå 84.), Anders Hjeltnes, Håvard Lilletvedt (Mats Nondal frå 68.)