[email protected]


Logo
Fjørakontraktar

Årsfesten 2013 vel i hamn

Forfatter: Fjøra FK

01. desember 2013

Fotball
News article image

Fjøra feira seg sjølve på Sogndal Hotell i går

Fjøraleiar Tom Wolff Navarsete losa dei 44 frammøtte trygt gjennom programmet på gårsdagens fotballfest på Sogndal Hotell. Først var det samling i restauranten der kvar og ein fekk nyta ein god juletallerken medan praten sat laust. Etter litt mingling samlast alle i Bahus til utdeling av prisar, trekning av premiar, talar og oppsummering av årets sesong. Oversikt over dei som fekk utmerkingar:

Årets spelar: Knut Ola Høvik

Årets toppscorar: Anders Hjeltnes og Kenneth Nondal 8 mål

150 kampar: Ole Morten Kvam

50 kampar: Jørn Kvalvik, Ole Marius Solberg, Kenneth Nondal, Vegard Fardal Nes og Daniel Fylling

Flest treningar: Torbjørn Ylvisåker

Elles vart det også gitt påskjønning til dei som har bidrege rundt laget på ein eller anna måte. For dei frammøtte var nok høgdepunktet då draktvaskar og billettseljar Dag Martin Fardal fekk Fergusonbiografien for sin innsats... Blikket til pølsemakaren på Nortura var ikkje til å ta feil av, og heldigvis var Tom raskt ute med å avsløre spøken og gav han istaden boka "Alt var bedre under Keegan."

Det er ein del arbeid bak og driva ein klubb, både sportsleg og økonomisk. Ikkje alltid like enkelt og finna folk til slikt dugnadsarbeid så stor takk til dei som bidreg år etter år, eller som er inne eit år eller to og gjer ein solid jobb for klubben.