Prematch Fjøra - SIL 3
Forfatter: Fjøra FK
08. august 2013
Statusrapport og tips runde 14
Då er det klart for den 14.runden i 4.divisjon. Denne gongen står SIL 3 på motsett banehalvdel. For oss handlar det om å gjere ein god prestasjon som fører til at me tek 3 poeng. Likevel legg me ikkje skjul på at kampar mot lokale lag er ekstra godt å vinne. Knut Idar Kristoffersen er i støtteapparatet til SIL 3 og deler lunsjbord på jobb med vår sportslege leiar Jan Rune Årøy. Me både trur og håpar for Jan Rune sin del at Fjøra vinn.
Mot Dale var me solide defensivt. Me jobba godt utan ball og tvinga dei til å slå langt, noko me hadde god kontroll på. Med ball klarte me setje i gang bakfrå som me ønskte, men derifrå og framover glei ikkje spelet vårt. Me vart for upresise og hadde for lite tempo. Mot SIL 3 skal me fortsetje å jobbe hardt utan ball. Med ball ønskjer me å opptre med balltempo og presisjon. Vinn me ballen på deira halvdel skal me gå raskt i angrep. Mot etablert skal me vere tolmodige og ta vare på ballen. Me ynskjer alle vel møtt på kamp fredag kl 19.00 på Campus. Måtte det beste heimelaget vinne!
Troppen til Fjøra mot Sil 3 er: Håvard B, Bjarte H, Eilert H, Torbjørn Y, Per Eirik L, Ole Marius S, Roger H, Ørjan H, Vegard F N, Øystein W, Daniel F, Kenneth N, Johan S, Anders H, Jan Tore S og Stian S
Til slutt ei lita vurdering av dei andre kampane:
Sandane – Dale (framskynda kamp frå runde 17)
Vart spelt tysdag og enda med 6-0 seier til Sandane
Eid - Kaupanger
Kaupanger slit fælt i botnen av tabellen medan Eid fekk bank av Sandane sist. Litt usikkert kor mange som rykker ned frå fjerdedivisjon på grunn av kva som skjer i divisjonen over, men det er no 7 poeng frå Kaupanger på nest siste plass og opp til laget over. Viktig kamp også for Eid som må vinna for å holda kontakt med tetplassen. Skal normalt vere grei heimeseier, H.
Florø 2 - Høyang
Høyang framleis i ingenmannsland midt på tabellen mens Florø 2 har plassert seg på ein finfin tredjeplass bak Førde 2 og Sandane. Dette trur me unggutane til Florø fiksar, klar H.
Jølster - Dale
Jølster med sterk heimesiger mot topplaget Førde 2 sist. Begge lag med 12 poeng og hhv niande og tiandeplass på tabellen. Me trur Jølster tek alle poenga, H
Balestrand - Sandane
Svak start på haustsesongen for Balestrand, ditto sterk for Sandane som har klatra til andreplass med ein kamp meir spelt. Dette skal vera klink Sandaneseier, B.
Skavøypoll – Førde 2
Kun to poeng som skil desse laga i toppen og dermed rundens klare toppkamp. Vanskeleg å spå utfallet av denne men det plar ikkje vera målrikt når gjerrige Skavøypoll stiller til kamp. Kan derfor fort enda uavgjort, som vert tipset vårt. U