Prematch: Fjøra FK - Balestrand IL
Forfatter: Jan Fuglesteg
26. juni 2012
Det er klart for siste serierunde før laga i den lokale andedammen tek sommarferie. Fjøra tek i mot nyopprykka Balestrand, eit lag som har imponert sålangt i sesongen. Me har laga til liten prematch.
Fjøra ligg i toppskiktet bak Sogndal II der ein i første rekkje finn Sandane som ligg som nummer 2 på tabellen. Fjøra ligg ppoenget bak. Deretter er det ei lita luke bak til dei to nyopprykka laga Skavøypoll og Balestrand. For Fjøra sin del så har dei svinga for mykje i prestasjonane denne vårsesongen til at dei har kunna bydd Sogndal II på konkurranse om topplassen. Det har ikkje vore stabilt godt nok til det. Dette gjeld også innad i ein og same kamp. Men Fjøra har i periodar vist høgt nivå og i sist bortekamp mot Dale så leverte Fjøra solid vare. Botnsolide defensivt samt at dei skapte og scora mål. Dette må Fjøra freiste å gjenskapa mot BIL på onsdag.
Me har fått følgjande kommentar frå trenar Kjell Ertesvåg framfor vårsesongens siste kamp:
" Siste kamp før ferien for eit Fjøralag som har synt gode takter siste kampane. Ser ein vekk frå 1. omgang mot SIL2 har me prestert jamnt bra så langt i juni. Me håpar denne trenden held fram i kampen mot Balestrand, for me har endå meir å gå på. Me er nokre fleire tilgjengelege spelarar til denne kampen enn mot Dale.
Balestrand har overraska positivt i 4. divisjon, og er eit lag som sel seg dyrt. For oss vert det viktig å ta tak i kampen umiddelbart, jobbe steinhardt og vere tolmodig. Altså - det handlar om å mobilisere 100%. "
Balestrand er motstandar i denne siste vårkampen. Saman med Skavøypoll så er Balestrand avdelingas store positive overrasking. Eller kanskje det ikkje er så overraskande likevel. Iallefall ikkje om ein spør Balestrand sjølve. BIL har teke steg for steg og har i dag eit lag som består av rutine og unge talent. Det er eit hardtarbeidande lag som står på til tusen og som nektar å gi opp. Rett og slett slik ein kvar trenar og medspelarar ynskjer.
Ser ein på tabellen så har BIL plassert seg på ein fin 5. plass med sine 17 poeng. Vidare ser me at BIL er eit typisk heimelag. Der er dei rett nok uhyre sterke og står bokførd med rekka 5-1-1 på dei sju heimekampane dei har spelt. På bortebane har dei kun spelt 3 kampar hittil og på framandt gras viser statistikken 0-1-2. Kampen mot Fjøra er på bortebane, men det betyr slett ikkje at dette vert nokon lett kamp for Fjøra. Dersom Fjøraspelarane har den innstillinga så vert det ikkje poeng mot BIL. Me legg kjapt til at dette må reknast som eit lokaloppgjer og mot eit så hardtarbeidande mannskap som BIL har så vil det vera heilt avgjerande at Fjøra tek tak i kampen duellmessig frå første fløytepip. Etter 90 minuttar pluss tillegg så kan spelarane ta ferie. Ikkje før.
Me kjem ikkje til å overføra denne kampen live på fjora.no, så me viser primært til Sogndal stadion kl 19:00, sekundært til firda.no si liveteneste.